ambulanse

Alvorleg skadd i traktor-utforkøyring

Ein mann midt i 20-åra er innlagt på Stavanger Universitetssjukehus, og tilstanden er omtalt som alvorleg men stabil, etter å ha kome i klem under ein traktor som sklei av vegen.

Publisert

Ulukka skjedde i Haukali i Forsand i Rogaland tysdag ettermiddag, melder Stavanger Aftenblad. Traktoren, ein Fiatagri i 90-serien, som ser ut til å ha kjettingar på framhjula, køyrde langs ein islagt veg. Mannen har mista kontroll over traktoren og sklidd utfor vegen. Derifrå har traktor og førar rast nedover ein bratt og urete skråning på grovt rekna 50 meter før traktoren til sist vart ståande stille.

Freddy Brosvik ved Strand og Forsand lensmannskontor fortel til Bedre Gardsdrift at dei enno ikkje har avhøyrd traktorføraren, og dei veit dermed ikkje eksakt kva som skjedde. Det som er visst, er at mannen er blitt kasta ut av førarhuset, og kom under traktoren. Han fekk sjølv ringt etter hjelp, og hjelpemannskap fekk han fri frå traktoren og sende han med helikopter til Stavanger Universitetssjukehus. Derifrå er tilstanden hans omtalt som alvorleg men stabil.

Ut frå informasjonen politiet har så langt, er det mannen som driv garden, og det kan sjå ut til at ulukka skjedde i samband med transport av fôr. Frå ulukka vart meldt til mannen var på veg med luftambulasne til sjukehus gjekk det omlag tre kvarter. Kort tid etter ulukka kom det til naboar. Brannvesenet vart tilkalla, og det vart sendt ut to ambulansar og ambulansehelikopter.

Politiet kan pr. no ikkje svare på om mannen brukte belte eller ikkje.

Stavanger Aftenblad sine bilete frå staden viser ein stygt ramponert traktor, der til dømes frontlastaren er riven av, men strukturen på førarhytta er intakt.

"
Powered by Labrador CMS