mf 5616 2013

MFs 5600 til 130 hk

Med skrå nase og fire sylindrar er 5600-serien frå MF utvida med tre modellar frå 110 til 130 hk, og du kan velje mellom Dyna4 og Dyna6.

Publisert

Massey Ferguson slår til med ny 5600-serie opp til 130 hk. Les meir i førstkomande BG!

På Agroteknikk på Lillestrøm kunne du for første gong sjå den nye 5600-serien, men den gongen berre med tresylindra motor. Serien har ei ny hytte, der både ramme og betjening er heilt nytt mot 5400-serien. Hytta og grunnkonstruksjonen er sjølvsagt med vidare på dei store 5600-modellane.

Agco Power heile vegen

Som sine mindre søsken får dei nye 5600-modellane motorane frå Agco Power, altså fabrikken som ein gong i tida hadde Sisu i namnet. Motorane er på 4,4 liter og har SCR eksosrensing, noko som gjer det mogeleg å ha skrått panser i og med at kjølebehovet ikkje er så stort som for EGR-rensa motorar. Også den nye fjørande framakslingen du har som tilval kjem av eigen produksjon.

Bygd for lastarkøyring

Traktorane kan leverast frå fabrikk med støype lastarbrakettar frå Ålø. Du kan også få fabrikkmontert mekanisk eller elektronisk lastarspak. Sistnemnde står i armlenet, og har knappar for betjening av transmisjonen i tillegg, og er tidlegare vist på mellom anna 7600. Utviklingssjef i MF Campbell Scott, demonstrerte traktorens frisiktpanser på pressekonferansen med å huke seg ned framom traktoren, og slå fast at "De kan framleis sjå meg no!" Det høyrer med til soga at Scott både er ein av dei største mennene i traktorbransjen reint fysisk, og også ein stor humorist.

Tilpassa transmisjon

For første gong hos MF kan ein traktor i denne klassen leverast med sekstrinns hurtiggir, ved at Dyna6-transmisjonen er skalert ned. Du kan også velje Dyna4, som før, med fire hurtiggir. Begge har automatiserte skifte mellom fire gruppegir. Begge alternativa blir betjente med hendelen under rattet eller T-spaken på høgre konsoll, eller frå lastar-joysticken, og begge har adoptert Valtra si løysing der kløtsjen blir frikopla når du trampar på bremsepedalen.

Armlene-betjening

" 5600 tar også steget opp i klassen for traktorar med armlene-betjening, om du vel det eit av dei høgaste utstyrsnivåa. Her finn du mellom anna transmisjonsbetjeninga, lastarspaken, trepunktsbetjening, handgass og turtalsminne. Du kan lese meir om nye MF 5600 i førstkomande Bedre Gardsdrift.

Powered by Labrador CMS