Juli 2013 er ein solid månad, ikkje minst takka vere solid innsats frå John Deere og Massey Ferguson. Dei to åleine har levert kvar andre sommartraktor her i landet.
Månaden der nordmenn flest har ferie har aldri vore den heilt store på traktorfronten. I år er det større traktoraktivitet enn normalt kringom på trafikkstasjonane, noko som i sin tur bidrar til å halde registreringstala for 2013 litt framom nivået i 2012.
I fjor hadde John Deere svake tal på denne tida, men nivået så langt i år ligg også over kva JD hadde på same tid i forfjor, og er av dei aller beste første sju månadane oppgjennom åra. Dette er solid levert.
Valtra har trappa ned tempoet litt, men er stadig i god driv. Finnen ligg 101 traktorar framom nivået etter sju månader i fjor, og betre enn kva som har vore normalen dei seinare åra.
Også tredjeplassen går til eit Agco-merke. MF har stoppa nedturen, som rett nok ikkje har vart lengre enn sidan april.
Her er det på sin plass å melde noko som gjeld så godt som alle merke: Statistikken vår viser ikkje når traktorane er selde, men når dei får skilt og vognkort. Difor går ting i rykk og napp, og no har mellom andre MF venta ekstra lenge på typegodkjenningspapir og på leveransar frå fabrikken.
Dei to CNH-merka hos A-K maskiner har begge minus i statistikken. New Holland er nest mest tilbake av alle merke, etter MF, målt mot same tid i fjor.
Deutz-Fahr har også hatt tilbakegang, men har litt ketsjupeffekt i juli, der merket er på femteplass i månadsregistreringane. Vidare nedover lista finn vi ikkje mykje som utmerkar seg.