død rose COLOURBOX1812518

Omkom i velt med minitraktor

Ein 39 år gammal mann frå Sandnes omkom då han velta med ein liten Kubota ved ei hytte. Då lege og luftambulanse kom til staden, slo dei fast at mannen alt var død.

Publisert

Det var ein traktor av denne typen som velta over mannen. Illustrasjonsfoto.

Politiet har svært få opplysningar om kva som har skjedd. Kriminalteknikkar er sendt til staden. Ulukka skjedde med ein Kubota B7000. Dette er truleg ein utleigetraktor. Det er ikkje notert meir enn dette i den førebelse rapporten frå ulukka. Politiet kan dermed ikkje seie noko om traktoren hadde veltebøyel, om der var andre til stades då ulukka skjedde eller om mannen hadde familie.

Kubota B7000 er ein japansk-bygd minitraktor med tosylindra motor på 14 hk. Traktoren veg knapt 500 kg. Akslingavstanden er 122 cm og typisk breidde er 90 cm. Traktoren var i produksjon frå 1973 til 1977, ut frå opplysningar på tractordata.com. Traktortypen var ikkje originalt utstyrt med veltebøyel.

Powered by Labrador CMS