n-utv-fs.jpg

UTV bergar barneliv

Eit nyskapande og viktig helsetilbod sikrar trippelvaksine til tusenvis av born i Mpulungu i Zambia. Vaksinestasjonen er enkelt og greitt ein Massey Ferguson UTV med gassdrive kjøleskap.

Publisert

For å nå alle borna som bur meir enn ein overkomeleg dagsmarsj frå dei få helsestasjonane i kommunen, ynskte helsepersonellet eit høveleg køyrety. Valet fall på ein Massey Ferguson UTV.

English version: Click here

Historia startar slik: Jølster kommune tar del i eit Norad-prosjekt, der dei har Mpulungu som venskapskommune. Helsearbeidarar frå Mpulungu fortel at dei har tilgang til trippelvaksinar og kunnskapen for å gi vaksinane. Tilbodet gjeld i praksis berre born som bur innan eit par timars marsj frå kommunens seks helsestasjonar. Vegstandarden er heller skral i store delar av kommunen.

Moped - ATV - UTV

– Dei skulle gjerne nådd fleire, og tenkte at ein moped med kjølebag kunne gitt dei større rekkevidde, fortel Jostein By. Det kjem også framlegg om ATV. By var på denne tida rådmann i Jølster, no pensjonist, og er medlem av Førde Rotary. Han er også far til underteikna. Herifrå får han tips om at ein UTV kan vere vel så bra, med lasteplan, plass til to og høve til å trekke tilhengar. Massey Ferguson blir nemnt fordi merket står sterkt i Afrika, mellom anna med ein oppegåande serviceorganisasjon, og morselskapet Agco er slik at folk som kan involvere seg i denne typen prosjekt er lette å kome i kontakt med.

Agco er med

Ballen tar til å rulle. Gjennom Førde Rotary ser By at prosjektet er sikra eit økonomisk fundament for det som blir kalla ei mobil vaksinasjonseining. Han får straks positive signal frå Agco. Enden på visa er at ein Massey Ferguson UTV med gassdriven kjøleboks, straumaggregat og tilhengar blir levert i Mpulungu, med eit generøst bidrag og god hjelp frå Agco-konsernet. Inkludert i hjelpa frå Agco er opplæring av lokalt servicepersonell.

Revolusjonerer tilbodet

" Køyretyet vart overlevert i 2010. Kostnaden til vaksinering og driftskostnaden til køyretyet blir dekt av den zambiske staten. – I 2011 var eg tilbake. Eg såg at utstyret fungerer som føresett, og det er aktivt brukt. No når dei også ut til stader utan veg. I mange av desse områda er det også viktig å drive informasjonsarbeid, fortel By. Born langt ute på bygdene får for første gong eit førebyggjande helsetilbod, samstundes som mødrene får viktig kunnskap gjennom informasjonsmøte. Det bergar liv.

Sjå fleire bilete her

FAKTA

Trippelvaksine

Ein vaksine mot dei dødelege sjukdomane kikhoste, difteri og stivkrampe. Blir gitt barn i tre-fireårsalderen. I det norske vaksineprogrammet frå 1952.

Kommunesamarbeid

" Jølster tar del i eit prosjekt organisert Kommunenes Sentralforbund (KS), der dei deler kunnskap og drøftar praktiske løysingar knytt til slikt som utvikling av lokaldemokrati, samfunnsutvikling og kvinneleg deltaking i lokalsamfunnet. Norad dekkjer reise- og prosjektkostnader, mens dei involverte stort sett brukar av eiga fritid. Konkrete investeringar må finansierast eksternt.

Mpulungu

Kommune lengst nord i Zambia, ved Tanganyikasjøen.Over 100 000 innbyggjarar, spreidd busetnad.Areal tilsvarande 2/3 av Sogn og Fjordane.Venskapskommune med Jølster.

MF 20 MD

20 hk, 3 syl. vasskjølt dieselmotor Totrinns variator, maks 40 km/h El. betjent diff-sperre/firehjulstrekk Uavhengig fjøring framme og bak, fullfjøra sete400 kg nyttelast, 750 kg hengarvekt (u/brems)

Powered by Labrador CMS