1206reggraf

Salme ved halvgått løp

Mens John Deere held teten, har Massey Ferguson verkeleg fått fyr under kjelen. Juni vart heilt grei, fire prosent bak fjorårs-junien. Første halvår 2012 er sju prosent dårlegare enn tilsvarande 2011.

Publisert

John Deere sine disiplar held seg litt framom alle andre, men dei bør sjå seg over skuldra frå tid til anna. Nok ein gong er hjorten i den situasjonen at der er ein nedgang å spore, og i tal traktorar er den temmeleg stor: Minus 74 til no i år. Når vi veit at totalmarknaden er tilbake 141 traktorar, ser vi altså at kvar andre traktor i minus er gul og grøn. Like fullt: 26,7 prosent marknadsandel er så bra at det strengt tatt ikkje er lov å forvente meir.

For marknaden totalt sett må vi også kunne nemne at juni i år er nesten likt med juni-11 og juni-08, som begge vart veldig gode traktorår.

Halleluja hos MF

Hos Eikmaskin er det nærast gospelstemning. Massey Ferguson tar eit stadig sterkare grep om andreplassen, og er i særklasse det merket med størst framgang første halvår 2012: +37 traktorar, og +3,3 prosentpoeng i marknadsandel. Baksida av medaljen heiter Fendt: Tilbake 15 traktorar og eit halvt prosentpoeng mindre i marknadsandel, det er ikkje noko å juble for.

Tru og tvil

A-K sine to merke går både i minus og pluss, på same vis for bege: Takka vere at dei fleste, New Holland og CaseIH inkludert, drar talet traktorar ned, blir totalmarknaden mindre. Når dei to går mindre tilbake enn gjennomsnittet, går marknadsandelen opp. Her har vi altså ein bodskap som både kan seljast inn som bra og dårleg, etter som du vel å tolke den.

Glissent i benkeradene hos Lantmännen

Valtra og Claas har ein ting til felles: Begge har mista 0,8 prosentpoeng av marknadsandelen sin. For Valtra betyr det minus 34 traktorar på eit halvt år, og for Claas betyr det minus 21. Valtra har med det fjerdeplassen, fire plassar framom Claas. Og for å halde oss til firetalet: Det er også plasseringa Lantmännen maskin har mellom importørane.

DF er oppstanden

Heilt sidan før påske har Deutz-Fahr stått på den sjette plassen på lista, og der ser det ut til at den lysegrøne står godt. Nest etter MF er DF merket med størst framgang i tal traktorar, og nest etter Kubota har DF størst prosentvis framgang. Då er det verre med Zetor, som har tredje største tilbakegangen av alle, målt i traktortal.

Powered by Labrador CMS