prisutvikling tr-reisk

Landbruket drar ifrå...

...med stadig aukande kostnader. I ein fersk NILF-statistikk ser vi at prisen på maskiner og reiskapar i landbruket aukar meir enn konsumprisindeksen.

Publisert

I statistikken som Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking har utarbeidd, ser vi prisutviklinga frå 1993 til i dag. Klikk her om du vil sjå NILFs komplette oversyn. Vi i Bedre Gardsdrift har for ein gongs skuld innsnevra perioden litt, og nøyer oss med dei ti siste åra. Utviklinga ser du illustrert lengst nede i denne saka.

+ 18 eller + 37 kroner

Dersom du kjøpte ei vare for 100 kroner i 2002, og dette er ei vare som utviklar seg identisk med konsumprisindeksen, måtte du i 2011 betale 118 kroner for same vara. På same tid har prisen for ein reiskap som kosta kr 100 000 i -02 gått opp til 137 000 kroner i 2011. Prisauken på desse ti åra er altså over dobbelt så stor i det NILF definerer til "andre maskiner og reiskapar" som i samfunnet elles.

Traktoren stødigast (til -08)

Fram til 2008 heldt traktoren følgje med konsumprisindeksen. Til 2009 gjorde traktorprisen eit kraftig hopp, samstundes som nysalet fekk ein kraftig dropp. I BG 1/10 omtalte vi 2009 som "det tredje svakaste året i nyare tid". Prisauken frå den gongen har stått seg, og kan dels skuldast valutasituasjonen, og dels at utsleppskrava gir behov for ein meir kostbar motorteknologi.

Valutasituasjonen

" Dei to siste åra har prisveksten vore omlag som konsumprisindeksen. NILF peikar på at valutasituasjonen, altså kor sterk krona er mot særleg euro, påverkar prisutviklinga.

Powered by Labrador CMS