stormfelt skog.jpg
stormfelt skog.jpg

Kurs i rydding av stormfelt skog

Å rydde stormfelt skog er ekstremt farleg. Ingen omkom i nyttårsorkanen i 91/92, men seks menneske miste livet ved rydding av skog etterpå. No vert det arrangert kurs i alle stormråka fylke.

Publisert

Dette er ein særs farleg arbeidsplass. Frå Oldedalen.

Så langt er eitt liv gått tapt i ryddearbeidet i skogen etter Dagmar. Alle som har ytra seg i etterkant av uvêret, understrekar kor forferdeleg farleg det er å gi seg ut i stormfelt skog utan nok kunnskap og erfaring. Noko av det aller viktigaste du kan gjere for å sikre deg, er å skaffe kunnskap før du startar motorsaga. Tilrådinga også frå oss i Bedre Gardsdrift er enkelt og greitt at du lar skogen ligge til du har gjennomført kurs, same om du meiner å vere erfaren i skogen, eller om du er fersk i faget. Stormfelt skog er så annleis enn alt anna skogsarbeid, avstanden mellom liv og død er svært liten, og nokon kvar av oss kan trenge fagleg påfyll. Det blir arrangert kurs i alle stormråka fylke, frå aust til vest i landet.

Under følgjer lista over kurs i Sogn og Fjordane. Kursa er gratis, opne for alle, og vert arrangerte av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i samarbeid med Sogn og Fjordane Skogeigarlag.Alle kursa startar klokka 10.00:Fredag 6. jan.: Fjærland v/ Bygdahuset Måndag 9. jan.: Sandane v/kantina på produsentlaget Onsdag 11. jan.: Innvik v/ Heggdalsvegen/Heggdal Torsdag 12. jan.: Loen v/ Lofossen sørside Torsdag 12. jan.: Mo og Jølster VGS v/ hallen Måndag 16. jan.: Leikanger (stad vert annonsert seinare) Torsdag 19. jan.: Kaupanger (stad vert annonsert seinare) Laurdag 21. jan.: Hyen hos Erik HopeTysdag 24. jan.: Naustdal hos Linda Norid Smådal, oppmøte Øvre Kalland

Landbrukskontora i Ørsta og Volda arrangerer to skogdagar, med oppstart kl. 12.00:Måndag 9. jan.: Ytre HovdenTysdag 10. jan.: Løset, BjørkedalenDei oppmodar samstundes alle som tenkjer på å gå i skogen for å rydde, om å melde seg på kurs i tillegg. Vil du på kurs, melder du deg til skogansvarleg i kommunane.

Kjenner du til tid og stad for kurs andre stader, skriv det i kommentarfeltet under eller send oss ei melding.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS