duun ny propell 2012 q.jpg
duun ny propell 2012 q.jpg

Kraft-propell frå Duun

Større traktorar gir grunnlag for meir effektiv propell i gjødselkummen. Difor har Duun laga ein ny propell til sine omrørarar. Om du vil, kan den køyrast på 1000 o/min.

Publisert

Ein meir effektiv propell skal gi meir futt i omrøringa.

Duun har utvikla ein ny generasjon propell, der vinkelen på blada er endra og arealet på propellen er større. Alt saman for å gi betre effekt, og for å kunne utnytte stadig sterkare traktorar. Utforminga er likevel slik at strålen skal vere konsentrert, som før, og med det sikre lang rekkeveidde. Samstundes er omrøringa i nærområdet kraftigare.– Omrørarane våre har liten diameter og kan difor enkelt settast inn gjennom tronge opningar, fortel Duun. Omrørarane er bygde for å kunne køyrast på 1000 o/min. Det gir langt betre kutting og større fart på gjødsla.

Powered by Labrador CMS