JD 7R_02

John Deere i robot-kåring

Publikasjonen Robotics Business Review har John Deere på lista over dei 50 viktigaste robot-selskapa i verda. Dermed står traktorprodusenten på same liste som til dømes Boeing, Microsoft og Toyota.

Publisert

Innovasjon, banebrytande bruksområde, kommersiell suksess og kommersielt potensial er faktorane som redaksjonen i Robotics Business Review (RBR) legg til grunn i si kåring av dei 50 fremste selskapa innan robotisering. Lista spenner frå små selskap eller laboratorium til nokre av verdas største konsern.John Deere er kategorisert til å drive mobil robotisering, og det er nok systema knytt mot presisjonslandbruk og automatiserte system på traktoren som har vekt merksemda til RBR.Kåringa må reknast som ei fjør i hatten til John Deere, og samstundes ein heider til alle landbruksmaskinprodusentar. Bedre Gardsdrift har i fleire år hevda at ein topp moderne ny traktor truleg er den mest avanserte maskina tilgjengeleg for vanlege folk.Redaktøren i RBR peikar i si årsoppsummering på alt kva robotar kan gjere:Om nokre år, når robotane gjer alt frå å legge daglegvarer i butikkhyllene til å pløye bøndene sine åkrar, kan vi nok sjå tilbake på 2011 som året då robotar fanga vår kollektive merksemd og utløyste ei vekstbølge som kan konkurrere med alle andre teknologiske revolusjonar i historia.Det må nemnast at lista er prega av å vere sett opp av ein amerikansk publikasjon. Tyngda av selskap på lista er amerikanske, med nokre få japanske pluss tre franske, eit italiensk og eit engelsk unntak.

Powered by Labrador CMS