aggregat billeg.jpg
aggregat billeg.jpg

Åtvarar mot aggregat-seljarar

Lensmannen i Førde åtvarar folk mot å kjøpe aggregat frå nokre irar som er på salstokt i Sogn og Fjordane. Problemet er at aggregata ikkje er tilpassa norsk straum.

Publisert

I løpet av dei siste dagane har politiet i Sogn og Fjordane blitt kontakta av fleire som kjenner seg lurte av nokre utanlandske menn, melder NRK Sogn og Fjordane. Lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde, åtvarar folk mot å gå i fella." – Vi har nokre irske karar som reiser rundt i fylket og sel aggregat og verkty. Problemet med desse aggregata er at dei ikkje er tilpassa norsk straumtilførsel, men dette oppdagar ofte kjøparane først etter at seljarane er reiste, seier Tvinde til NRK.no.Lensmannen seier at dei to mennene ikkje gjer noko ulovleg. Dermed har heller ikkje politiet nokon grunn til å pågripe dei, men politiet kan derimot åtvare folk mot å handle aggregat med dei.

Kjøp trygt

I Bedre Gardsdrifts januarutgåve (BG 1/2012) kunne du lese ein omfattande artikkel som gir råd om kva du skal sjå etter om du skal kjøpe aggregat. Artikkelen omtaler bensinaggregat, traktoraggregat og dieselaggregat, i tillegg til at den gir generelle råd og tips. Mykje av det som står der er like aktuelt for deg som vil ha aggregat på hytta som for deg som treng å drive ein diger, moderne fjøs. Eit av råda er at du skal kjøpe aggregat av ein forhandlar du stolar på, som også er der neste gong straumen er lenge borte, og at du kjøper eit merke som du har god magekjensle for. Les du denne artikkelen først, er du mykje betre rusta mot å bli lurt. Har du aggregat frå før, har du god nytte av å lese Bedre Gardsdrift nr. 2 2012. Der står ei fyldig sak om korleis du skal vedlikehalde aggregatet. Tipsa gjeld særleg traktoraggregat, men mykje er gyldig også for bensinaggregat eller andre straumgeneratorar.

Billeg forsikring

" Eit årsabonnement på Bedre Gardsdrift kostar veldig mykje mindre enn eit feilkjøpt straumaggregat. Har du ikkje bladet frå før, kan du teikne abonnement her. Vil du einast lese til dømes BG 1 og BG 2 2012, kan du laste dei ned som elektronisk utgåve her. Kvart digitale blad kostar omlag det same som fem liter bensin. Til skilnad frå bensinen, blir ikkje dei elektroniske blada borte etter første gongs bruk...

"
Powered by Labrador CMS