aggregat traktor b.jpg
aggregat traktor b.jpg

ABC i straumaggregat

Etterspurnaden etter straumaggregat av ymse slag har auka voldsomt etter uvêret i romjula. Kva skal du velje? Bedre Gardsdrift gir rettleiing.

Publisert

Å kjøpe aggregat på impuls rett etter ein kritisk situasjon kan fort bli litt bom. I Bedre Gardsdrift nr. 1 2012 får du tips og råd, både om det å ha aggregat reint generelt, og om kva du skal velje av traktoraggregat, dieselaggregat og bensinaggregat. Kva eigenskapar har dei, kva skal du vere merksam på, og kva kan du kople til? Det finst bensinaggregat der du kan kople til alt slags fintfølande utstyr, og det finst bensinaggregat som er godt i stand til å øydeleggje det same utstyret, berre for å ta eit døme.Vi har også sjekka prisar, og vurdert økonomien i det å ha aggregat. Lurer du eksempelvis på kva kVA betyr, og korleis eit slikt tal kan reknast om til einingar du er meir kjent med, finn du svaret på dei tre sidene spekka med aggregatlærdom.Abonnerer du på Bedre Gardsdrift frå før, kan du ta til å passe på i postkassen siste veka i januar. Om du ikkje har abonnement på Norges største landbruksblad i A4-format, gjer du lurt i å gå til denne sida, der du kan bli med i gjengen, du også. Det kostar berre 520 kroner for heile 2012. " Ynskjer du heller å kjøpe ei enkeltutgåve digitalt, er også det mogeleg (nye utgåver blir gjort tilgjengelege på nett så snart dei er postlagt).

"
Powered by Labrador CMS