1211reggraf

Stø kurs...

... men Valtra er i siget. Kvar fjerde traktor i november er finsk, og MF ligg hakk i hel. Tar vi året under eitt, er situasjonen ganske så stabil.

Publisert

John Deere er stadig litt bakpå. I september gjorde hjorten eit byks, men det har tæra på kreftene, så JD er lengre bak no enn før bykset. Vel å merke målt mot fjoråret. For uansett er John Deere klart i tet, langt framom nummer to, og felleskjøpa er største importør, nesten 100 traktorar framom Eik.

Dei raud-grøne med sterk framgang

Eikmaskin kan vere glade. Massey Ferguson har formidabel framgang, med meir i pluss enn dei tre andre har i minus til saman. Marknadsandelen er opp heile 4,5 prosentpoeng, og auken i talet registrerte traktorar er over 30 prosent. November gir eit godt bidrag, men så har da også MF tradisjon for å kome sterkt på slutten av året. Samstundes har også Fendt ein liten auke i ein svakt fallande marknad.

Dei andre store er stabile

New Holland er omlag likt med fjoråret, trass ein noko svar november. CaseIH går ørlite tilbake. Valtras kjempehopp i november er ikkje noko til å kome opp frå fjerdeplassen, men bidrar til at nivået til no i år er nær identisk med fjoråret. Deutz-Fahr og Claas går også litt tilbake, men tala er langt frå dramatiske.

Zetor på nedtur

Trass nye modellar, har Zetor berre fått registrert to tredelar så mange traktorar til no i år som på same tid i fjor. McCormick har derimot snudd trenden, og ligg i praksis likt med fjoråret. JCB har framgang etter importørskiftet, mens Kubota har ein viss tilbakegang.

Dei aller minste

Største endringane mellom dei små noterer vi oss på Kioti, importert av Hako ground and garden, og kinatraktoren Foton. Dei har fått skilt på høvesvis åtte og seks fleire enn i så langt i fjor. Branson har gått frå ein til seks. Iseki har derimot halvert seg, og Ferrari har gått frå 11 til fire.

Totalmarknaden

Etter tredje kvartal var vi temmeleg optimistiske for avslutninga på året. No modererer vi oss litt, for to første månadane av siste kvartal ligg under fjoråret. Skal vi klare same nivå som i 2011, må det bli registrert 597 traktorar i desember. Når det er sagt, alt no er 2012 betre enn 2010, og langt framom 2009. Så det blir ikkje så verst, uansett korsleis desember slår ut.

Powered by Labrador CMS