jordleigeavtale12.jpg

Påsketips: Jordleigeavtale

Bedre Gardsdrift brukar påska til å gi deg tips om nyttige dokument frå vårt rike arkiv. I dag: Gratis jordleigeavtale.

Publisert

For lenge, lenge sidan, i det herrens år 2000, fortalde Bedre Gardsdrift om eit prosjekt i Troms, der Odd Arild Finnes såg på problem knytt til forvalting av landbrukseigedomar. Mellom anna sa han dette til oss: - Vi har mange små eiendommer og mange utleiere. I fylket er det rundt 10 000 landbrukseiendommer og 2000 bønder. Vi har tall som viser at over 5300 bruk er utleid, og 2500 ligger brakk. Mangelen på langsiktighet og trygghet for jorda de driver, er et problem for bøndene som blir igjen, mener Odd Arild Finnes.

Jordleigeavtale er løysinga

Ei av løysingane han gjennom sitt prosjekt kom fram til, var ein enkel jordleigeavtale. Den fekk vi i Bedre Gardsdrift lov å legge ut, til fri nedlasting, på www.gardsdrift.no. Der har den ligge i over ti år, og stadig er den like aktuell.

Revidert versjon

Avtalen er strengt tatt den same i dag som den gongen, einast mildt revidert av BG med nokre nye moment og med litt oppdatert utforming.Så treng du ein jordleigeavtale, ver så god. Her finn du den, til fri nedlasting for alle!Andre ting som kan vere nyttige for deg finn du under Ressurser i venstremenyen. Til dømes Traktoroversikten, Bruktmarkedet, Leiekjøringspriser, Dokumenter og Utdanning.

" Vi er her for å vere til nytte for deg. God påske frå oss i Bedre Gardsdrift!

Powered by Labrador CMS