trakor død 09

Nord-Trøndelag: Traktor i tre av 99 dødsulukker

Trønder-Avisa har laga eit oversyn over trafikkulukker i Nord-Trøndelag dei siste 10 åra. Totalt 99 menneske har mist livet. Tre av ulukkene involverer traktor.

Publisert

Faksimile: www-t-a.no.

Trønder-Avisa har samla informasjon om alle dødsulukkene i trafikken i Nord-Trøndelag frå 2001 til 2010. Oversynet fortel kven den omkomne er, korleis ulukka skjedde, og kva som eventuelt har vore av straffereaksjonar. Ut frå denne dystre statistikken les vi at traktor har vore involvert i tre av ulukkene. Oversynet omfattar ikkje ulukker utanfor veg. " Kollisjon med lett motorsykkel" Den eine dødsulukka skjedde då ein lett motorsykkel kolliderte med møtande traktor. Den omkomne brukte ikkje hjelm, og traktorføraren er ikkje tiltalt.Pallegaffel fall av, mista kontrollen" I ulukke nummer to omkom traktorføraren. Han køyrde langs ein privat veg med traktor med pallegaffel på frontlastaren. Gaffelen fall av, traktoren køyrde over den, og føraren mista kontrollen og køyrde inn i bergveggen. Han døydde av skadene. Ut frå bilete i Trønder-Avisas nettsak, ser traktoren påfallande lite skadd ut, i høve til det fatale utfallet av ulukka. " Køyrde på fotgjengar i tett snødrevDen tredje ulukka skjedde i dårleg vær og tett snødrev. Ein fotgjengar vart påkøyrd av ein traktor. Han vart kritisk skadd og døydde kort tid etter. Traktorføraren vart sikta for uaktsom køyring.

"
Powered by Labrador CMS