trakor død 09

Omkom etter utforkøyring

Ein 35 år gammal mann døydde etter å ha blitt kasta ut av traktoren ved ei ulukke i Bø i Vesterålen. Han kom i klem under tilhengaren, og døydde på universitetssjukehuset i Tromsø.

Publisert

Traktoren, ein velhalden Massey Ferguson 6465 frå 2006, var på veg med eit lass med pukk då ulukka skjedde. I ein slakk venstresving har traktoren kome for langt ut. Den har lagt ned autovernet fleire titals meter bortover, for å ende opp i fjæresteinane.Mest truleg er føraren blitt kasta ut av traktoren under utforkøyringa. Høgre dør er knust, og høgre armlene på førarsetet har fått skader. Føraren er treft av tilhengaren, og vart funnen klemt under denne. Han vart frigjort av bergingsmannskap etter 20 minutt, og sendt med ambulansehelikopter til Universitetssykehuset Nord-Norge i Tromsø. Der døydde han av skadane.Den omkomne er 35 år gamle Yngve Mikkelsen frå Øksnes. Han etterlet seg kone og barn.Det var ingen vitne til ulukka. Mykje tyder på at føraren ikkje har nytta setebelte. Ut over knust dør og skade på armlenet, har traktoren skader på høgre bakdekk, -felg og -skjerm. Elles er traktoren like heil.Årsaka til at traktoren køyrde av vegen er ikkje klarlagt. Ulukka vert etterforska av politiet og av ulukkesgruppa i Vegvesenet.Traktoren er brukt til entreprenørkøyring, så ulukka fell såleis ikkje inn under Arbeidstilsynets statistikk over landbruksulukker. Nettstaden Vesterålen Online har bilete frå ulukka i artikkelen som du finn her.

"
Powered by Labrador CMS