Perkins logo.

Kor blir det av Perkins?

Stadig færre merke brukar Perkins-motor, og desse brukar den i stadig færre modellar.

Publisert

Om du les grundig i Bedre Gardsdrifts traktoroversikt på nett, vil du oppdage at Perkins-namnet blir brukt stadig sjeldnare.

Fin motor, men stadig mindre brukt.

Massey Ferguson

Før var MF synonymt med Perkins motor. Den tida kan snart vere forbi. I sommar fortalde Massey Ferguson at dei er i ferd med å gå over til å bruke Sisu-motorar på alle som har ein seksar under panseret. Frå før er alle dei store MFane utstyrte med finsk motor, og alle tresylindra MF køyrer med Sisu. No er det berre dei firesylindra att. 

Garry Collar, ein av Agco-toppane, har fortalt BG at det blir jobba med felles løysingar for framtidige traktorar under 100 hk for alle Agco sine merke. Eit viktig element der er å bruke Agcos eigne Sisu-motorar. Spørsmålet er berre kor fort Agco klarer å skru opp eigen kapasitet på motorproduksjon. Vi skal altså ikkje sjå bort frå at tida med Perkins i Massey Ferguson er omme i løpet av nokre år.

McCormick

Ein tidlegare storkunde av Perkins, nemleg Argo-gruppa med Landini og McCormick, er også på veg bort. Også her er alle dei sekssylindra bytte ut. Argo har valt å handle med FPT (Fiat Power Train). Kva som blir valt for dei firesylindra her er enno usikkert.

Claas

I data over Claas sine franske traktorar er det ganske kryptisk kven som leverer motorane, men kodane på Axos-serien er Perkins sine. På alle andre er det derimot DPS, altså Deere Power Systems. 

Her har det ikkje skjedd endringar på lange tider, og vi har heller ingen indikasjonar på kva som er i vente. Claas har til no ikkje signalisert korleis dei vil møte neste runde med utsleppskrav, og med det veit vi ikkje kva motorteknologi eller -leverandør som blir å finne der i huset i framtida.

Lindner

Einaste nemneverdige europeiske merke vi då står att med, er Lindner. Om Lindner blir ståande att åleine som Perkins-kunde, vil det ikkje vere urimeleg å tru at også den vesle austerrikske traktorleverandøren ser seg om etter alternativ.

Anlegg

Trøysta for Perkins, er at merket har store kundar i andre marknader enn landbruket. Som dotterselskap av Caterpillar har dei stadig litt å sysle med, gjerne i gule anleggsfargar.

SCR mot EGR

Ein grunn til at Perkins blir valt bort på store motorar, kan vere at den amerikansk-eigde Perkins-fabrikken satsar på EGR (eksosresirkulering) for å møte utsleppskrava, og ikkje SCR (kjemisk rensing med bruk av AdBlue). Alle vesentlege traktorleverandørar med unntak av John Deere satsar på SCR.

Powered by Labrador CMS