jd fall.jpg

John Deeres fall

Det er sjeldan å sjå så dramatiske endringar i traktorstatistikken. John Deere har vore suverent i tet heile dette tusenåret. I juli 2009 ramla JD brått til fjerdeplass på registreringsstatistikken. Kva skjer?

Publisert

For John Deere og Felleskjøpet er situasjonen svært uvant. John Deere har ikkje ligge så lågt verken i marknadsandel eller tal selde traktorar sidan 2000. Det var siste året John Deere delte selgarkorps med Valtra, og den grøn-gule var det fjerde mest populære traktormerket i Noreg. Straks Valtra trekte seg ut av Felleskjøpet, gjorde hjorten eit hopp opp til førsteplass. Der har den vore kvart einaste år til og med 2008, og nærast også kvar einaste månad. Dominansen på topp tok brått slutt i juli 2009. Sidan då har John Deere hatt minst to av konkurrentane føre seg på registreringsstatistikken, kvar einaste månad ut året. Held det fram slik, vil John Deere i 2010 vere det tredje mest populære traktormerket i Noreg.

Har FK mista grepet?

Vi skal svært, svært langt tilbake før vi finn eit år der Felleskjøpet har levert så få traktorar. Går vi tilbake til då samvirket hadde både Valtra og John Deere, omsette organisasjonen normalt godt over 1000 traktorar årleg. Marknadsandelen låg ein plass kring 30 prosent. Så høgt har aldri Felleskjøpet klart å kome med berre eitt merke, men dei har likevel klart å vere stabilt høgt oppe, med 22 til drygt 25 prosent marknadsandel, og i ein lengre periode levert over 1000 John Deere årleg. I 2009 er situasjonen dramatisk annleis, med moderate 18 prosent og 474 traktorar, mot 930 i 2008. Når vi les det talet, skal vi også hugse at park- og golftraktorane til John Deere ligg inne her. Det er eit segment der John Deere er dominante, som var nærast ikkje-eksisterande for ti år sidan. Med andre ord er Felleskjøpets tap av marknadsandelar mot landbruket mest truleg enda større enn tala her tyder på.

Juli til desember: 11,1 %

Skal vi gni saltet enda djupare inn i såret? Gjennomsnittleg marknadsandel for John Deere frå juli til desember 2009 er 11,1 prosent - halvparten av kva Massey Ferguson har i same periode, og klart bak Valtra og New Holland.

Skuldast forhold i Noreg

Om du tykkjer vi skriv mykje om kva som har skjedd med John Deere, er forklaringa denne: Sjeldan ser vi ei så brå endring i posisjon på marknaden som det vi observerer her. Endringa er ikkje knytt til produksjonsvanskar, at modellar er kutta ut eller brå og dramatiske kvalitetsproblem. Den skuldast eine og åleine kva som skjer på den norske marknaden. Og for det aller meste kva som skjer i Felleskjøpet Agri sitt område.

Omorganisering i FKA

I skrivande stund har vi ikkje tilgang til geografisk sortert statistikk for året under eitt, men etter kva vi veit frå tidlegare i år har John Deere halde godt stand i FKRA-området. Det er difor grunn til å tru at omorganiseringa FKA la opp til sist vår, er ein vesentleg grunn til det store fallet for John Deere. Det fell også saman i tid med når ting tok til å endre seg: Omorganiseringa vart varsla i mars, og treigheita i systemet gjer at registreringsstatistikken oppfatta at noko var på gang i juli.

Verre enn venta

Endringane, som Bedre Gardsdrift har omtalt her, går i korte trekk ut på at maskinsalet hos FKA skal vere konsentrert om åtte maskinsenter, og selgarkorpset skulle skalerast ned frå 68 til 40. I tillegg skal seljarane bruke mindre tid til oppsøkande arbeid, og vere tilgjengelege på kontoret ein større del av arbeidstida si. " Også folk i leiinga i Felleskjøpet Agri har sagt til Bedre Gardsdrift at konsekvensane av omorganiseringa ser ut til å vere annleis enn venta. Når det er sagt: Alle som leverer landbruksmaskiner her i landet omstrukturerer frå tid til anna, og dei fleste får ein nedtur knytt til endringane, før pila peikar oppatt. Det er også eit vesentleg poeng at lønsemda kan vere langt betre med mindre marknadsandel. Men John Deere og Felleskjøpets nedtur er langt kraftigare enn kva som er normalt.

Powered by Labrador CMS