trakor død 09

Færre dødsulukker

2008 var eit år med svært mange dødsulukker der traktoren var involvert. 2009 er eit steg i rett retning. Vi håpar å sleppe å melde om dødsulukker med traktor i 2010.

Publisert

Ei ulukke er alltid ei for mykje. Difor er det all grunn til å halde oppe merksemda mot traktorulukkene.

Belte er beste forsikringa

Det viktigaste du kan gjere for å unngå å kome i denne dystre statistikken, er å tenkje før du køyrer, og bruke setebelte. Vi kjenner ikkje til velteulukker med dødeleg utgang der setebeltet har vore brukt.

Hugs kårkallen

Det er også grunn til å merke seg at fleirtalet av dei dødelege velteulukkene i 2008 og 2009 skjedde langs veg eller nært tunet. Bruk av belte berre i bratt lende er altså ikkje nok. Det er også viktig, men slett ikkje enkelt, å drøfte kårkallens bruk av traktor.

Dødsulukkene i 2009

Vi tillet oss å oppsummere dei fire dødsulukkene siste år slik: 1: Ein 11 år gammal gut i Kristiansand omkom då han kom akande og hamna inn under brøytetraktoren i tettbygd område. Politiet hadde ingen mistanke om at traktorføraren var aktlaus, og såg på saka som eit tragisk hendeleg uhell. " 2: Ei 17 år gammal jente i Troms omkom då traktoren ho og ei anna jente sat på med, velta utfor vegen. Føraren står no tiltalt for aktlaust drap. Traktoren var registrert for to, og hadde dermed også maksimalt to setebelte. Strukturen på hytta var intakt etter velten. " 3: Ein 81 år gammal mann på Hitra omkom då han kom i klem under traktorvinsjen under arbeid med tømmer i ein garasje. I og med at mannen var godt over pensjonsalder, er det vanskeleg å sjå denne ulukka som ei arbeidsulukke i landbruket. " 4: Ein 69 år gammal mann frå Fræna omkom under brøyting, då traktoren kom utfor ein privat veg og velta. Politiet er ikkje ferdige med si etterforsking, men seier til Bedre Gardsdrift at traktoren var i god stand og godt skodd. Hyttestrukturen var intakt etter ulukka. Politiet har i skrivande stund ikkje undersøkt om det var setebelte i traktoren, og om dette i så fall var brukt. Ei ulukke i Tyskland, der ein fransk journalist omkom under prøvekøyring var ein viktig vekkar for mange traktorjournalistar. Den omkomne brukte ikkje belte, og fall ut gjennom den knuste døra og kom i klem. Trass i at den store traktoren heldt høg fart, var ramma på hytta uskadd etter velten.

Dødsåret 2008

I 2008 noterte vi oss 16 ulukker der traktoren på eit eller anna vis var involvert, aktivt eller passivt.

"

Kjelder: Bedre Gardsdrift og lokale media

Skryt til bøndene

Æra for nedgangen i ulukkestalet er det bonden sjølv som må ta. Vi trur at norske bønder har tatt dei nedslåande tala frå 2008 på alvor. Vi har tidlegare kritisert både Arbeidstilsynet og Landbrukets HMS-tjeneste for å vere for slappe. At det er blitt færre av dei alvorlege ulukkene i 2009 skuldast i liten grad andre enn bøndene sjølve.

Tikkande bomber som ikkje er bønder

Samstundes er det stadig viktigare å også sjå på bruken av traktor utanom landbruket. Fleire og fleire har eigen traktor til bruk på hytta, til å rydde gardsplassen i villastrøk eller til bruk i anna næring. Mange av desse manglar grunnleggande kjennskap til farane ved bruk av traktor, og denne gruppa utgjer ei tikkande bombe for ulukkesstatistikken.

"
Powered by Labrador CMS