lely pakk.jpg

Lely vil pakke ballar

Lely lanserer tre ballepakkarar. To med bord og ein med satellitt. Dei er ikkje aktuelle for Noreg.

Publisert

Tre alternativ frå Lely.

Lely er mest kjent for mjølkerobotar, og for pressene som før gjekk under namnet Welger.No utvidar Lely sortimentet med tre slepte pakkarar. Ein låg og breiføtt bordpakkar, ein klassisk høg og tung type, og ein satelittversjon med lastearm i fartsretningen. Den store bordpakkaren kan justerast for ballebreidder mellom 1,25 og 1,5 meter, og filmrullen er justerbar for diameter mellom 0,9 og 1,6 meter. Satelittpakkaren kan også enkelt tilpassast ulik ballestorleik, og det hydraulisk svingbare draget skal også gjere det mogeleg å plukke med seg ein ekstra ball mens du har ein til pakking. A-K maskiner importerer Lely rundballepresser. Å ta inn Lely-pakkarane er ikkje tema hos A-K, der Tanco rår grunnen. Vurderinga er enkelt og greit at det er nok alternativ på den norske marknaden i dette segmentet.

Powered by Labrador CMS