verdkart tr-sal.jpg

Fleire traktorar i aust

Den internasjonale traktormarknaden er i endring. Tidlegare store marknader i vest går kraftig ned, mens marknader i sør og aust er i vekst.

Publisert

Mens finanskrisa råka vestlege traktormarknader hardt, har salet i land som Kina, India og Brasil gått mykje opp.

Over there

I USA vart det levert kring 200 000 traktorar i 2007. I 2009 er talet godt under 150 000, og 2010 ser ut til å bli like skralt.

Uni(s)ont fall

I Europa snakkar vi omlag om dei same tala, men der kom nedgangen seinare. 2008 var betre enn 2007, med ein totalmarknad på nær 200 000. Så kom krakket, med kraftig nedgang i 2009, og stadig nedgang i 2010. Dette året ventar bransjen å ende på omlag 140 000 leverte traktorar i Europa. Frankrike drar lasset også på nedturen, med ein svikt på nær 30 prosent. Tyskarane er meir stabile, og går ned 11,7 prosent. Storbritannia er berre litt verre, ned 12,6 prosent. På den italienske marknaden er årets ti første månader tilbake 14,5 prosent. Treskarsalet har svikta med 13,6 prosent, mens reiskapsbærarar, transportarar og liknande maskiner går ned med 8,7 prosent. Alle desse tala kjem frå leiaren i organisasjonen for italienske landbruksmaskinprodusentar, UNACOMA, som er ein viktig leverandør både til europeiske marknader, og til verdsmarknaden elles.

Rekordar i aust

India er blitt verdast største marknad for landbruksmaskiner, målt i tal maskiner. Etter ein vekst på 30 prosent gjennom dei siste tre åra er no den indiske marknaden på over 400 000 traktorar. Kina er nest størst, med ein traktormarknad anslått til å vere på kring 300 000 traktorar. Her er veksten heilt rå: Opp 50 prosent på tre år!Også Brasil er i god vekst. Der vart det seld 45 000 traktorar i 2009, og i år er der venta ein totalmarknad på 60 000.

Europa og USA har vore store. No er India klart størst, med Kina som nummer to, målt i tal traktorar. Kart: Google maps/Bedre Gardsdrift.

Powered by Labrador CMS