AdBlue fryser i kulda.

AdBlue fryser i kulden

I desse dagar, med blå tal på termometeret over det meste av landet, kan det passe med ei lita sak om eksosrensing. For AdBlue har det med å fryse når det vert kaldt.

Publisert

Frosen AdBlue er ikkje noko problem for motoren, for den går som han skal også om urea-væska er frosen. 

Utsleppsreglane seier at den kjemiske eksosrensinga skal fungere som normalt etter ein halv time, og det går fint med dei innebygde oppvarmingsløysingane, seier alle som meiner å ha forstand på dei nyaste systema. Erfaringane frå førstegenerasjons-system på lastebilane seiest å vere barnesjukdommar som vi kan gløyme no.

For og imot AdBlue

Går det an å ha to tankar på ein gong?

Skeptikarane til AdBlue likar godt å framheve at væska frys, og at du har ei ekstra væske å handtere. 

Tilhengarane peikar på at det å fylle ein ekstra tank med ein liten skvett er ein rimeleg pris for å få redusert drivstofforbruk, og for å få flytta eksosrensinga utanfor motoren.

Finnane går får AdBlue

Argumentet om kulde blir i stor grad slått i hel av det faktum at Agco Sisu Power, verdas kaldast lokaliserte traktormotorfabrikk, går for AdBlue.

Det einaste problemet er å fylle frosen AdBlue. Ein finsk kollega av oss meiner at heller ikkje det er noko å bekymre seg for:

 – Dom som har råd at kjøpa traktor som behøver sådan eksosrensning, har ochså råd at lagra væskan innomhus.

Les og lær

Vil du lese meir om AdBlue, SCR, EGR, CEGR og andre ting kring eksosrensing? Bla opp i Bedre Gardsdrift nr. 8 2010. Der har vi ein grundig artikkel, med ordforklaringar og det heile. 

Powered by Labrador CMS