Euro-sedler
Euro-sedler

Kataloghai glefsar etter pengar

Nokon som kallar seg Expo-guide prøve å lure pengar av norske firma i desse dagar. Særleg maskinbransjen bør vere merksame, for brevet går ut med referanse til Agroteknikk-utstillinga.

Publisert

Nederst på arket står der nokre små bokstavar som betyr at du, ved å sende svar på brevet, bind deg til å betale nær 1200 Euro pr. år i tre år framover.Elles ser brevet ganske uskuldig ut, og du blir einast beden om å oppdatere dine data i "Exhibitors Directory in the Expo-Guide”. Truls Aasterud, sekretær for siste Agroteknikkutstilling, oppmodar alle om å hive brevet i søppelkassen umiddelbart. Sjølv om brevet refererer til landbruksutstillinga på Lillestrøm, er dette eit tiltak som verken før, no eller i framtida vil ha noko som helst med utstillinga å gjere.Norges Varemesse ber også folk og firma om å passe seg for kataloghaiar, og nemner opp desse døma på firma du har god grunn til å styre langt unna.- TNI Technology News International - Euro Business Guide - EU Business Services Ltd. - European City Guide i Valencia - Norsk Internett Register for forretningsdeltakere i Hamburg - Global internet Register - Commercial Online Manuals - Expo Guide - Nordisk Expo- Fair Guide/construct Data Verlag- TW Verlag CmbH- Nova Channel ABGjer du den tabben at du registrerer deg hos noko av desse, risikerer du å måtte punge ut med summar kring kr 25 000, og om du ikkje betaler får du flust med trøbbel.

Powered by Labrador CMS