mlp10.jpg

Leigeprisane er klare

Norges mest omfattande og solide liste over prisar på maskinleige og leigekøyring er straks på veg til trykkeriet.

Publisert

Finn du ikkje prisen her, finn du den neppe nokon annan plass heller.

Kvart år presenterer Bedre Gardsdrift den velkjende lista over prisar på maskinleige og leigekøyring. Årets liste er utvida og forbetra sidan den i fjor, og aldri før har vi hatt så mange kjelder. I år har vi sett pris på 465 ulike arbeidsoperasjonar og reiskapstypar, alt saman kategorisert og inndelt slik at det skal vere enkelt å finne fram.

Kva pris er mest vanleg?

Som vi har gjort sidan 2004 oppgir vi middelpris, altså den prisen som er mest vanleg å ta. Eller sagt på ein annan måte: Eit tal som er representativt for dei aller fleste. Sjølvsagt kunne vi gjort det enkelt, og berre oppgitt eit gjennomsnitt, men erfaringa vi har samla gjennom mange år tilseier at gjennomsnittet oftare blir feil enn rett. Å manuelt gå gjennom nær 500 linjer med fleire tusen enkeltprisar er ein formidabel jobb, så sjølvsagt kunne vi spart oss det arbeidet og vore nøgde med å oppgi største og minste pris frå kjeldematerialet. Sånn er ikkje Bedre Gardsdrift. Vi gjer det som må gjerast, for å sikre at stoffet vi gir deg held så høgt nivå som du fortener. Difor er det ingen andre artiklar gjennom året som vi legg ned like mykje arbeid i som prislista vår, og difor finst det ingen andre prislister på marknaden med fleire kjelder bak seg enn den i Bedre Gardsdrift. Kan hende er det difor så mange brukar den og spør etter den også.

Kor er lista?

Eit svært vanleg spørsmål er om prislista finst her på gardsdrift.no. Svaret er nei. Alt kan ikkje vere gratis her i livet, heller. Denne prislista er eksklusiv for dei mange tusen kløktige abonnentane til Bedre Gardsdrift. Når bladet er trykt, kan du gå inn her og kjøpe ei enkelutgåve av bladet med prisane i. Årets liste står på trykk i BG 4/10.

Blir bladet borte?

Verdipapir skal behandlast med respekt, men likevel hender det at folk er uheldige og mistar eller rotar bort bladet med prislista. Eit godt førebyggande tiltak er å sette heile årgangen i samleperm. Kan hende skal du nytte ventetida fram til bladet er ute til å sette årets tre første utgåver i ein ny samleperm, brei nok til dei stadig tjukkare blada våre?

Kan kome til ein postkasse veldig nær deg

Vil du sikre deg årets mest etterspurde artikkel, rykande fersk og direkte levert i postkassen, må du vere abonnent på Bedre Gardsdrift. Om du ikkje er det frå før, kan du bestille abonnement her. Gjer du det no med ein gong, tør vi love at du får bladet til same tid som alle dei eksisterande abonnentane våre.

"
Powered by Labrador CMS