kjetting på traktorhjul trygg fast-trac 07

Kjetting-fri frå måndag

Måndag kan du legge att alle traktorkjettingane heime, om du skal ut på vegen. Den absurde kjettingregelen er nemleg stadig gyldig.

Publisert

Tre kjettingar skal vere med, heile vinteren (men dei treng ikkje vere på). Viss ikkje er du ein lovbrytar, sjølv om du aldri køyrer ut av grenda.

Det er Forskrift om bruk av kjøretøy, § 1.4.2 som krev at også du som køyrer traktor skal ha med deg ein kjetting til styrande hjul og to til drivande hjul (bakhjula) i perioden 1. november til første måndag etter påske, pluss kjetting til eventuell tilhengar.Både bondelaget og Bedre Gardsdrift har prøvd å få gjort noko med regelen i fleire år, utan at vi har fått det heilt store gjennomslaget enno. Det betyr ikkje at vi har gitt opp kampen, det betyr berre at vi må leve med ein tullete regel enda ei tid.Ulike eigenskapar Det at vi hevdar at regelen er tullete, skuldast noko så enkelt som at regelen ikkje fungerer for traktor.Dei aller fleste traktorar har svært liten aksjonsradius. Utan at vi har tydeleg statistikk på det, er det rimeleg grunn til å tru at ein typisk traktor sjeldan kryssar kommunegrensa. Skal du ut på vegen med traktor, har du som regel full oversikt over føret du møter før du startar turen. Dermed veit du om det er fornuftig med kjetting eller ikkje. Mange har ståande ein traktor med kjetting og ein utan, og vel den som høver best til føret.Det er noko heilt anna med ein lastebil. Om den startar i Bergen i dag, kan det godt vere at den er i Bodø i morgon. I så fall har den både fjell og ukjent vêr i vente. Reint praktisk er det også ein viss skilnad på vekt, volum og sikker transport av ein traktorkjetting og ein lastebilkjetting. Den til lastebil er ganske så handterbar, mens ein kjetting til eit dekk som kan vere opp mot to meter i diameter og 60 cm breitt er og blir stor og tung. Og kor skal du gjere av den? Vårt tips er å ha den i reiskapshuset når den ikkje er på hjulet, men der er ikkje forskrifta heilt samd - enno.Hugs piggdekka Det må elles også nemnast at du frå måndag ikkje kan køyre traktor, eller andre køyretøy, med piggdekk på offentleg veg, så sant ikkje føret og fornuftige grunnar tilseier at du bør ha det. Uansett føre, køyretøy og fottøy: Kravet er at du skal vere skodd etter forholda.

Powered by Labrador CMS