bg-konk-junjul09

Sommarbastarden

Omsider, her er neste nøtt: Denne gongen er det fire i utgangspunktet greitt formgitte traktorar som i sum er blitt til ein mindre pen, og ganske skakk, doning. Huff og huff.

Publisert

Dei mest vakne av våre trufaste lesarar har fått med seg at vestlandsfanden i redaksjonen har sysla med slått og vore hefta bort av ymse anna nokre dagar. Med det er vi ei veke forsinka med svar på førre konkurranse og publisering av ny nøtt.

For å bli ferdige med førre konkurranse med ein gong: Gå hit for å finne rett svar, og namn på vinnaren!

Og endeleg, her er ein ny bastard å prøve seg på. Skal vi gi deg nokre hint? Svarer du nei, gå beint inn til konkurranseskjemaet her og no!

"

Er du litt meir usikker, kan vi kome med denne veldig, veldig dårlege omskrivinga av ein kanskje ikkje særleg stor slager frå yngre år:

Noen barn er røde andre barn er blå noen barn er grønnemens noen kan ha mange farger på.

Altså: Vi skal ha fire kryss i skjemaet, pluss namn og adresse. Det er alt vi ber om. Lukke til!

Om alt går som det skal, og vi får ein passeleg gråvêrsdag, er det god sjanse for ny konkurranse 15. juli. I så fall er også det svarfristen vår. Sånn omtrent. Det er jo sommar.

"
Powered by Labrador CMS