ulykke kraftoverføringsaksling potetopptaking olden l.jpg

Skadde foten, berga livet

Ein mann vart laurdag sendt til Haukeland Universitetssjukehus etter ei ulukke under potetopptaking i Stryn. Han fekk foten fast i ein kraftoverføringsaksling, og det tok lang tid før brannvesenet fekk han laus.

Publisert

Ulukka skjedde i Olden laurdag ettermiddag, under potetopptaking med ein MF 135 med belteopptakar. Politi, ambulanse og den lokale brannbilen rykte ut til ulukkesstaden, men måtte tilkalle hovudbrannbilen frå kommunesenteret Stryn for å få nok utstyr til å få laus mannen.

Politiet kjenner ikkje skadeomfanget, melder NRK Sogn og Fjordane. Det at mannen er sendt til Haukeland tyder på at skaden har eit visst alvor.

"

Faksimile: NRK Sogn og Fjordane

Powered by Labrador CMS