tvilling gd harv.jpg

Positive regelendringar

Det er full semje på viktige punkt i rapporten om breitt landbruksutstyr. Her er detaljane om kva du kan vente deg.

Publisert

Fri avstand!Omgrepet kortere avstand er borte. Det ligg ikkje inne noko form for avstandsgrenser i framlegget. Altså kan du fritt køyre så langt du har behov for, om du elles oppfyller krava. Gruppa meiner at ei avstandsgrense ikkje er teneleg, og at den ikkje har noko å seie for trafikktryggleiken. Dermed kan vi endeleg erklære femkilometersregelen død. Dette er ein siger for landbruket.

Skikkeleg merking

Ei samla gruppe går inn for at breitt utstyr skal vere skikkeleg merka: Refleks framover og bakover, og lys. Mest truleg vert merking som dette, etter europeiske normer, godkjent.

Gruppa stiller seg samla bak eit krav om at utstyr som er breiare enn 2,55 meter skal vere skikkeleg merka. I realiteten er ikkje dette noko anna enn at det vert presisert at regelverket for merking og lysbruk også gjeld landbruksreiskap, og at denne tolkinga blir informert om og handheva.Merkinga går i korte trekk ut på at det som er breiare enn 2,55 meter skal vere merka med kvite og raude skråstilte refleksar på ei plate av ein viss storleik. Mest truleg blir dei kvadratiske refleksplatene som er vanlege elles i Europa godtatt, etter ynskje frå landbruket. Til no har det norske regelverket kravd refleksar som er 25 cm breie og 50 cm høge.Det skal også vere lys framover og bakover, og sjølvsagt må du ha skikkelege baklys, med bremselys og blinklys, også bak på slepereiskap.Kravet betyr også at du skal ha merking veg til dømes bruk av tvillinghjul, altså slik at du har posisjonslykter og kan hende også refleks ved det breiaste punktet på traktoren, om den er breiare enn 2,55 meter. Det blir også krav til bruk av skiltet Bred transport.

Representantane frå landbruket stiller seg bak kravet, då dette utan tvil vil betre trafikktryggleiken, og kostnaden med å merke opp utstyr er overkomeleg. Denne kostnaden har du berre ein gong, utanom nokre kroner til vedlikehald.

Bedre Gardsdrift kjem tilbake med grundig omtale av korleis slik merking skal vere så snart detaljane er bestemte. Med andre ord treng du ikkje springe til butikken i morgon for å kjøpe lykter, men du kan gjerne starte å skrive liste over kva reiskapar du skal handle merking til.

Tvillinghjul og breidekk blir godtatt

Endeleg blir det rydda i reglane for tvillinghjul og breidekk.

Når du har god grunn til å bruke tvillinghjul, kan du bruke det. Også når du køyrer frå A til B langs vegen. Så enkelt er det, og dette punktet ser veldig greitt ut. Fullt gjennomslag for landbrukets behov, med andre ord.

Gruppa har arbeidd ein del med å finne ei god ordning for å kunne tillate bruk av breidekk som gjer traktoren breiare enn 2,55 meter. Til sist vart det semje om eit framlegg frå landbruket. Dette går ut på at du ved kjøp av traktor med breidekk, eller kjøp av breidekk til eksisterande traktor, søkjer dispensasjon. Denne dispensasjonen gjeld så lenge du eig traktoren, og skal følgje vognkortet. Traktoren skal for det meste brukast berre til oppgåver det er søkt om, og kan til dømes ikkje brukast i massetransport mot vederlag. Du må også kunne dokumentere at du driv næring på slikt vis at traktoren vil kome til å bli brukt primært til jordbruk, enten til eiga drift eller til leigekøyring. Dispensasjonen er avgrensa til å gjelde ein bestemt periode gjennom året, og denne perioden er det du sjølv som fører opp på søknaden.

OK å køyre gjødselDet å transportere gjødsel i utstyr breiare enn 2,55 meter har vore eit eige tema, og gruppa har samstemt konkludert med at det må vere i orden å køyre med gjødsel i vogna frå fjøs til lager, frå lager til lager, og frå lager til teig, med gjødselvogn breiare enn 2,55 meter.

Skilje mellom bruksområde Gruppa er samd i at unntaksreglane for køyring med breitt utstyr berre skal gjelde maskiner brukt til landbruksdrift. Bondelaget og TLIF har likevel levert ei eiga formulering på dette punktet. Fleirtalet skriv nemleg

Gruppen mener det må skilles mellom bruk av landbruksmaskiner i entreprenørvirksomhet tilknyttet landbruket og bondens "tilleggsnæringer". Dette for å opprettholde mest mulig like konkurransevilkår overfor tilgrensende næringer.

Dei to organisasjonane som representere landbruket meiner derimot at gruppa ikkje har mandat til å skulle regulere noko som helst slags form for konkurransesituasjon, og har difor denne formuleringa - og merk deg siste setninga:

Mindretallet mener som flertallet at det må skilles mellom bruk av landbruksmaskiner i entreprenørvirksomhet tilknyttet landbruket og bruk av landbruksmaskiner i øvrig næring. Ved bruk utenom landbruket skal traktor og øvrige landbruksmaskiner følge samme regelverk for kjøring med overbredde som andre spesialtransporter.

Vel departementet å gå vidare med denne formuleringa, betyr det at eit område som i dag er uregulert, nemleg bruk av landbruksmaskiner til andre ting enn landbruk, vil bli regulert på lik linje med til dømes lastebil og motorreiskap. Det vil vere positivt for alle.

Powered by Labrador CMS