Omkom etter fall i silo

Ein 78 år gammal mann frå Hyllestad i ytre Sogn omkom etter å ha ramla gjennom taket og ned i siloen.

Publisert

Lensmann Geir Harkjerr fortel at den 78 år gamle mannen vart funnen omkomen på golvet av den tomme seks meter høge siloen, med kraniebrot.

Garden ulukka skjedde på var eigd av mannen, men han har budd på eit nabobruk. Driftsbygningen var ikkje i bruk.

Ulukka har mest truleg skjedd under vedlikehaldsarbeid. Det var sett opp ein lift ved siloen, og korga var svinga inn over silotaket. Mannen var tidlegare på dagen observert i arbeid på bakken med nokre takplater. Over siloen er det svakt skrånande eternittak.- Det er usikkert om mannen har gått på taket, og kva som elles eksakt har skjedd i forkant av ulukka. Det vi veit, er at det er eit hol i taket over siloen, og det er restar frå ei takplate på silogolvet. Om han var i ferd med å skifte plate der det er hol, om han har trakka gjennom eller om det er noko anna som har skjedd, kan vi ikkje slå fast, seier lensmannen til Bedre Gardsdrift. - Om vi ikkje kjenner detaljane kring ulukka, viser den at vi aldri veit kor sterkt eit materiale er.

Powered by Labrador CMS