Trimble-EZ-Guide-250-NOR-left

Faste køyrespor bra for klimaet

Bruk av GPS til faste køyrerspor gir meir enn auka avling og redusert bruk av gjødsel og plantevernmiddel. Også miljø og klima tener på køyrespora, meiner engelsk forskar.

Publisert

Engelske Tim Chamen frå CTF Europe har forska på faste køyrespor i mange år, og seiest å vere ein av dei som veit mest om emnet i Europa.

Faste køyrespor betyr at du køyrer på eksakt same plass i år etter år. Du brukar same spor ved jordarbeiding, såing, gjødsling, sprøyting hausting og transport av avling. Reiskapsparken har breidder tilpassa køyrespora: Til dømes slik at du har tre meters såmaskin, 18 meters sprøyte og gjødselspreiar, og seks meters skjærebord. Heile tida køyrer du etter GPS, der alle køyrespor på teigen er lagra frå år til år.

Danse Landbrugsavisen nemner nokre av fordelane du oppnår med faste køyrespor. Dei viser til resultata frå den engelske forskaren, som nyss har vore på foredragsturné i Danmark.

Både du og miljøet tener på at faste køyrespor gir ei innsparing på 30 prosent diesel. Rett og slett fordi jorda er fastare i spora, og dermed får du mindre rullemotstand.

Jorda blir betre til å ta opp og handtere vatn, slik at risikoen for utvasking og erosjon minkar.

Bruk av same spor i år etter år gjer resten av teigen mindre kompakt. Det gjer nitrogenet lettare tilgjengeleg, slik at du kan gjødsle mindre.

Det vert også frigjort mindre lystgass (N2O). Denne gassen er ein langt sterkare gass enn karbondioksid (CO2). Laus jord held mykje betre på lystgass enn kompakt jord.

Powered by Labrador CMS