reg-ill09

Valtra i spranget

Valtra har nok ein solid månad, dobbelt så stor som MF og New Holland på delt andreplass. John Deere vil truleg berge førsteplassen for i år, og totalmarknaden blir under 2500.

Publisert

Den ferske registreringsstatistikken for november tyder på at stillinga i toppen blir som det har sett ut i det siste, når året er omme: John Deere på topp for niande året på rad, framom Massey Ferguson, New Holland og Valtra. Kor mange månader inn i 2010 vi skal før rekkefølgja mellom desse fire er endra, tør vi ikkje seie.

Verre og verre

1992 er det verste traktoråret i nyare tid, med 2238 nyregistrerte traktorar. Det er tre fleire enn januar til november på Bedre Gardsdrifts statistikk for 2009. Altså er det desember som sikrar at vi ikkje får ei ny botnnotering. 2009 kjem berre til å bli det tredje verste året etter at mekaniseringa av landbruket skaut fart.

Totalmarknaden i år vil ende ein plass i underkant av 2500, vil vi tippe. Desember er veldig vanskeleg å tippe slik året vi er i ferd med å legge bak oss har vore. Mellom 200 og 250 er ganske truleg. Då kjem vi til mellom 2435 og 2485 totalt.

Ned, ned, ned

Nyleg spådde vi John Deere til under 20 prosent marknadsandel før desember var omme. Nedturen har gått raskare enn som så. Siste 12 månader er John Deere akkurat på 20 prosent. For året til no er marknadsandelen på 19,7 prosent. Det gjer ikkje situasjonen betre at november bidrar med 14 nyregistrerte og med det ein marknadsandel i november på 8,2 prosent. I tal traktoar er John Deere i praksis halvert frå i fjor til i år. Berginga er gode tal frå første halvår.

Valtra på opptur

Valtra kan feire sin tredje månad med flest nyregistrerte. I juli og oktober var avstanden til dei andre heller liten. I november Valtra dobbelt så stor som MF og New Holland, og har ein marknadsandel denne månaden på 31 prosent. Saltet i såret kjem av eit elles svakt år med nær 200 traktorar i minus og eitt prosentpoeng svakare marknadsandel. Det vil mest truleg Valtra ta att i månadane som kjem.

MF ventar på desember

Hadde vi vore ein annan plass på kalendaren, ville vi sagt at avstanden mellom New Holland og Massey Ferguson var moderat, med 20 traktorar. Når neste månad er omme, vil avstanden mest truleg vere vesentleg større. Enkelt og greit fordi MF brukar å vere svært sterke i desember. Å ta att forspranget til John Deere, som no er nede i 46 traktorar, skal likevel halde hardt. Vi snakkar trass alt om registreringstal, som er ganskeforsinka i høve til salstidspunktet.

For Massey Ferguson er tilbakegangen i tal traktorar nesten like hard som for Valtra, men likevel er marknadsandelen opp eitt prosentpoeng.

New Holland i pluss og minus

Av dei store merka er stadig New Holland den som bergar best. Trass i at det ikkje blir betre plassering enn ein tredjeplass i år, om ikkje noko overraskande skulle skje, er på eit vis den blå traktoren ein sigerherre. Ingen av dei andre store har stått så godt imot den kraftige nedturen. Det viser att i ein vekst i marknadsandelen på 3,3 prosentpoeng, eit tal ingen andre er i nærleiken av. At november drar litt ned, får heller vere.

Deutz-Fahr & Co

Av dei andre merka nedover lista ventar vi med å seie noko meir til året er omme. Her er det jamt over små endringar.

Ein produsent må vi likevel trekkje fram. Same Deutz-Fahr sine fire merke stampar i motvind. Hürlimann er heilt ute. Same står oppført med tre traktorar, som for ein landbrukstraktor å vere er å jamstille med null. Lamborghini har i snitt omlag ein traktor pr. månad, til skilnad frå tre pr. månad i fjor. Deutz-Fahr er også kraftig svekka, med over 40 prosent tilbakegang i tal traktorar og dermed svekka marknadsandel.

Velkomen til Kioti

For første gong er Kioti inne på registreringsstatistikken. Dette er eit asiatisk merke med traktorar i same klasse som dei små John Deere-traktorane, Kubota og Iseki. Importøren er Hako Ground & Garden, og målgruppa er primært dei som driv stell av grøntanlegg.

Bildetekst her...

Powered by Labrador CMS