Vogntog

Lastebileigarforbundet vil ikkje ha dyrare mat, men...

Norges Lastebileier-Forbund går på barrikadane for å unngå at forbrukarane får dyrare mat, og Vegdirektoratet jobbar med å finne ut kven som skal ta kostnaden, om det kjem eit nytt krav om maskhøgde på lastebil.

Publisert

Høyringsrunden om breie landbruksmaskiner er nyss avslutta. Der går Vegdirektoratet og lastebileigareane, saman med fleirtalet i arbeidsgruppa, inn for eit krav om følgebil for landbruksmaskiner breiare enn 3,0 meter.Dette vil ha ein årleg meirkostnad på mellom ein halv og tre kvart milliard kroner, men verken lastebileigarane eller Vegdirektoratet ser ut til å otte seg spesielt for kva konsekvensar dette vil ha for prisen på mat til forbrukarane eller økonomien i landbruket.No er det ute eit framlegg om å avgrense høgda på lastebilane, og då har pipa fått ein annan låt.- Lågare lastebilar betyr mindre plass, som igjen fører til at transportørane må ta fleire turar for å frakte samme mengde gods, forklarer Olav Slaatsveen i Norges Lastebileigarforbund til NRK Sogn og Fjordane. Han får støtte frå sin lokale representant i Sogn og Fjordane:- Det er klart det vil bli dyrare for forbrukarane dersom det blir ein slik makshøgde. Dessutan går det utover miljøet. No må vi tenkje oss godt om, åtvarar dagleg leiar Roar Kårstad i Kårstad Transport. Forslaget skal vere på høyring i tre månader. I mellomtida skal Vegdirektoratet finne ut kven som skal ta rekninga, melder NRK Sogn og Fjordane.Og berre så det er sagt: Vi i Bedre Gardsdrift er rimeleg sikre på at landbruket vil støtte lastebileigarane i ønsket om å ikkje redusere høgda på lastebilane. Nokre av dei høgaste transportane av slikt som ikkje lar seg dele er landbruksmaskiner, og som lastebileigarane sjølve truleg er godt klar over: Landbruket kjøper transporttenester for milliardbeløp kvart år, i tillegg til at vi alle veit at vi er avhengige av lastebilane for å få transportert maten ut til butikkane.

Powered by Labrador CMS