Sauehotell 02

Få Flaxlodd for husleigeprisar!

Kva kostar ein båsplass? Kva kan eg ta for å tørke naboens korn? Eller for å ha ein spinndyr båt utpå låven? Bedre Gardsdrift etablerer ei ny prisliste for bygningsleige.

Publisert

Har du prisar å bidra med, gå til det enkle skjemaet vårt her!

"

Kva er husleiga? Vi er ute etter alt frå leigetørking til utleige av kårhus.

Bedre Gardsdrift får stadig spørsmål frå folk som ynskjer ei prisliste på leige av bygningar og liknande. Til no har vi ikkje hatt mykje å tilby av den slags, men vi gjer sjølvsagt det lesarane ber oss om. Dei beste listene over alle slags leigeprisar finn du i Bedre Gardsdrift, så i løpet av tida framover skal vi etablere den nye bygningsleigeprislista.

Byter pris mot FlaxTil det treng vi hjelp. Vi legg 100 Flaxlodd i potten, og inviterer deg til å sende oss prisar du tar eller betaler for utleige av bygningar. Kvar person som svarer får sjansen til å vinne gilde premiar frå vårt statlege lotteriselskap.

Du bestemmerSom for Bedre Gardsdrifts maskinleigeprisar vil vi vise prisane som finst i marknaden. Vi legg ingen føringar på om prisen skal vere pr. kvadratmeter eller pr. båsplass. Du melder den prisen du gir eller tar til oss, så lagar vi lista ut frå materialet vi får inn. Ramma rett bortanfor her med ting vi ynskjer pris på, viser berre nokre døme. Har du ein pris som du trur kan vere av interesse, melder du frå til oss.

Klikk, skriv eller ringDu kan melde prisane dine til oss på fleire måtar. Enklaste metode er å gå inn på nettskjemaet vårt her. Du kan også sende brev til Jogeir M. Agjeld, 6788 Olden, eller ringe/sende sms til 90 64 65 53. Det er lurt å svare med ein gong. Lodda trekkjer vi etter ein månad.

" Maskinleige og leigekøyringOm du driv leigekøyring, eller leiger ut maskiner, er vi stadig på jakt etter fleire gode kjelder til neste års prisliste. Meld deg som kjelde her! Det er fort gjort, så tar vi kontakt når vi startar sankinga til neste års prisliste.

Sånne ting vil vi ha

Her er nokre døme på kva vi er ute etter, men denne lista er slett ikkje komplett:

" - Gjødsellager - Kjølelager - Bustadhus - Uisolert eller isolert lager - Fjøs av alle slag, både heime og på setra - Korntørke - Leigetørking- Kornlager

Powered by Labrador CMS