bg-konk-aprmai09

Ny traktornøtt

Traktorbastard klar for demontering! Den første fusjonerte traktoren frå BGs arkiv var ei skikkeleg seig oppgåve. Av kring 200 svar, var det berre litt over 50 som svarte rett. Er denne verre?

Publisert

Litt uheldig med tilgangen til deler, her.

Som landets eldste stadig aktive frittståande landbrukstekniske side, har gardsdrift.no mykje rart i arkivet. Av det mest rare, er ei samling traktorar som ingen andre har maken til. Dette må vi gjere noko med, så vi hentar fram ein og ein traktor til visning.

Jobben din er veldig grei: Du skal plukke traktoren såpass mykje frå kvarandre at du finn ut kor delane kjem frå.Når du har gjort det, kryssar du av i delelista. Fem kryss, pluss namn og adresse, det er alt vi ber om. I retur får du ein caps med den vakre Bedre Gardsdriftlogoen påbrodert i fine fargar (ikkje akkurat hardangersaum), vel å merke om du blir trekt ut som vinnar.

Frist for denne traktoren er 15. mai. Lukke til!

Svarskjema og stort bilete finn du her.

Dyktig vinnar

Vinnar av førre konkurranse er Erlend Ragnar Ekerholt med adresse Tomb jordbrukskole i Østfold. Nesten tre av fire svarte feil på minst eitt av dei fem merka.

"

Dette var konkurransen førre månad.

Han klarte det same som drygt 50 andre, og avslørte at traktoren var bygd opp av desse merka:

- Fiat (riller i grillen, akslingar og hjul, bakskjerm, bakre del av hytte og litt av frontruta)

- Ford (pansersider, motor og hyttetak)

- John Deere (diesellokk, luftinntak og eksosrør, alle oppå panseret)

- Massey Ferguson (frontlykter, dekalar på panser)

- Valmet (dør og det meste av frontruta)

På biletet under har vi lagt på raudfarge på alle saumane der ting er sveisa saman.

Dei som ikkje klarte den, får seie som Anders frå Eina: Detti var itte lett! og håpe på betre lukke denne gongen...

"
Powered by Labrador CMS