Importørane: Bra, men krevjande

Dei norske traktorimportørane er svært godt nøgde med at 50 km/h-traktorar atter er godkjent, men regelendringa kom som julekvelden på kjerringa.

Publisert

Ingen av importørane hadde kjennskap til dette før dei les det på gardsdrift.no i føremiddag, eller mottok kopi av det aktuelle brevet frå TLIF utpå ettermiddagen. Difor har dei heller ikkje så mange svar på korleis dei skal gripe an situasjonen. Bedre Gardsdrift har vore i kontakt med alle store traktorimportørar i løpet av dagen.Regelendringa gjeld frå noDen generelle dispensasjonen som er gitt frå dei nye typegodkjenningsreglane er omtalt i eit brev datert 20. desember 2007. Dispensasjonen har umiddelbar verknad, men har ikkje vore kjent før enn i dag på grunn av postgang og juleferie.Traktorar i bestillingFelles for heile den norske traktorbransjen er at dei no er i gang med å undersøke kva som kan gjerast med traktorar som alt er i bestilling, der kunden ynskjer 50 km/h. Dette har høg prioritet.– Ei viss tid før traktoren går i produksjon, får den ein sperrefrist på spesifikasjonane. Dette fordi fabrikken må ha tid på seg til å bestille deler frå sine leverandørar, og desse må få produsert og transportert aktuelle deler til monteringslinja. Fram til denne sperrefristen kan det la seg gjere å endre spesifikasjonar, seier Jørgen Skjelin i Eikmaskin.Slike endringar kan sjølvsagt kome til å endre prisen på traktoren. Importørane venta ikkje detteI og med at absolutt ingen i bransjen var budd på regelendringa, kan ikkje kundane vente at importør eller forhandlar skal gjere noko meir enn å prøve å endre spesifikasjonar i den grad det lar seg gjere. Det finst altså ingen heimel for å krevje kjøpet heva om du i dag heller vil ha 50 km/h, til dømes.Nye prislisterI tillegg er fleire alt i gang med å planlegge og utarbeide nye prislister, noko som ikkje er gjort over natta.– Det vart ein annan dagsorden på møtet vårt i dag, etter at vi les gardsdrift.no, fastslår marknadssjef Geir Rogstad i A-K Maskiner. Der i garden er det også eit problem at det står traktorar på lager for fleire titals millionar kroner, klargjort for levering og typegodkjent for 40 km/h. Mange av desse kunne i dag vore typegodkjent for 50 km/h.Handtering av traktorar på lager, omgjering av alt sendte bestillingar, og kva som skal gjerast for dei som vil bestille ny 50 km/h-traktor før nye prislister er klare, er stikkord for kva traktorfolket hos importørane har å jobbe med dei næraste vekene.– Vi treng tid!Dette kom svært brått på oss, så eg veit ikkje kva eg skal svare enno, seier Jon Erik Borgen i Felleskjøpet Agri. Som alle andre i bransjen er han glad for endringa, men han understrekar at bransjen må få litt tid på seg til å finne ut korleis den nye situasjonen skal handterast. Jørgen Skjelin samtykkjer i det: – Endringa kunne gjerne vore varsla på førehand, men for all del: Dette er positivt!

Kommentering: Gå til debatten eller til hovudartikkelen om saka.

"
Powered by Labrador CMS