reg-stat-ill
reg-stat-ill

Mars er tam

Har påskekyllingen skulda? Mars 2008 er heile 160 traktorar dårlegare enn mars -07. Dermed er første kvartal i år 16 prosent dårlegare enn første kvartal i fjor. Valtra yppar seg likevel.

Publisert

Utan at det har noko å seie for topplasseringa målt over tid, kan vi med ein gong nemne at John Deere ikkje var største merke i mars. Valtra lurte seg forbi, og slo hjorten med ni traktorar. Med det held Valtra andreplassen dei har hatt i heile år, og finnen distanserer seg frå dei to andre store.Også i desember vart John Deere slått på månadsstatistikken. Den gongen av MF, som no er på tredjeplass. Utanom det har John Deere vore nummer ein kvar einaste månad både i 2008 og 2007.Tre i tet drar ifråDei tre som har pallplass aukar avstanden til konkurrentane. Alle tre har framgang målt mot same tid i fjor, i storleiken eitt til to prosentpoeng.Det gjeld ikkje New Holland. Heller ikkje Fendt, Claas eller CaseIH kan skryte av god glid. Også her er endringa i området eitt til to prosentpoeng, men med minus framom.Av andre med store utslag, kan vi notere oss eitt prosentpoeng framgang for Deutz-Fahr.Du store kinesarTil no er det som er importert av kinatraktorar hit til landet så smått at traktorane er unntatt registreringsplikt. I februar kom det ein traktor i rubrikken "andre", som viser seg å vere ein Foton (i tabellen feilaktig oppført som Europard). Også dette er ein kinatraktor, men denne gongen såpass stor at den er blitt registrert.Første kvartal 2008Til no i år er det registrert 863 nye traktorar i Noreg. På same tid i fjor var talet 1026. Med dette talet kunne vi kalkulert eit sluttresultat på kring 3750 traktorar i 2008, men før vi dristar oss til slikt, må vi hugse at vi har påska trygt planta i første kvartal i år. I fjor var den i andre kvartal. Påska er lik for alle, så den påverkar neppe merkestatistikken særleg mykje. Derimot har det sikkert sitt å seie for totalregistreringane.Siste 12 månaderOgså når vi ser på perioden april 2007 til og med mars 2008 peikar pila nedover. Når vi først har nemnt påske: I denne perioden har vi to påsker, så det er vanskeleg å spå sikkert om totalmarknaden også frå desse tala.Det som er sikkert, er at John Deere er der dei er, og Massey Ferguson er like sikkert nummer to. Nedanfor der tar Valtra til å hente inn New Hollands tredjeplass.Zetor og Deutz-Fahr er dei einaste av dei større merka som gjer det betre siste 12 månader, målt i tal traktorar, enn i heile 2007 og 2006. Det kan da ikkje bety anna enn at dei er i fin framgang.ImportøraneFelleskjøpet er suveren som nummer ein, med meir enn kvar fjerde traktor. Nummer to siste 12 månader, og nummer tre til no i år er Eikmaskin. Siste 12 månader har Agco-selskapet ein marknadsandel på 22,8 prosent, og det er ikkje langt bak FKs 25,6.Lantmännen er like under 20 prosent siste 12 månader, men litt over i årets første kvartal. A-K må nøye seg med fjerdeplassen: 18,2 prosent når vi summerer eit år bakover, og 17,3 til no i 2008.Deretter følgjer HCP i området 7–8 prosent.KonsernaTar vi for oss konserna som produserer traktorane, kan vi oppsummere slik. Tabellen viser rang, konsern og pluss for dei som er i framgang og minus for dei som går tilbake.1 Agco +2 John Deere +3 CNH -4 Claas -5 Argo +6 SDF +

Powered by Labrador CMS