E_23_MINI_250 øremerke digitalt
E_23_MINI_250 øremerke digitalt

Døgnskift med digitale merke

Enno har ikkje alle sauebøndene fått øyremerka sine, og lamminga er i gang. Os Husdyrmerke produserer dag og natt, men ligg bak skjema på grunn av seint vedtak om elektroniske øyremerke.

Publisert

Situasjonen i år er heilt unormal, seier dagleg leiar Wenche Wikan Ligård i Os Husdyrmerkefabrikk. I eit vanleg år startar selskapet produksjonen av øyremerke til lam i november. I vinter kom ikkje produksjonen i gang før midt i desember.Ein liten revolusjon Grunnen til den forsinka produksjonsstarten, er at vedtaket om elektroniske øyremerke vart gjort seint på hausten. Etter at dette var vedtatt, måtte husdyrregisteret og merkeregisteret tilpassast det nye systemet. Mellom anna har alle produsentar fått eit dyrehaldar-identifikasjonsnummer, i staden for det gamle produsentnummeret. Individnummeret er dessutan blitt femsifra.Produksjonsutstyret til Os har heile tida stått klart, men fabrikken kunna ikkje starte arbeidet før formalitetane var klare frå det offentlege.– Overgangen til elektronisk merking av småfe er ein liten revolusjon som det ligg mykje arbeid bak. Grunnen til den forsinka oppstarten skuldast mange faktorar som må vere på plass før vi kan starte preginga av merka, fastslår Ligård.Tre veker bak skjemaDen seine oppstarten har forplanta seg. No er selskapet tre veker bak skjema, noko som jo er svært merkbart for kundane som ligg sist i køen.– Produksjonen går på skift, heile døgnet, fortel Ligård. Også kundeservice har arbeidd overtid ein lang periode no.– Det er svært mange som har spørsmål til den nye merkeforskrifta, og til produkt som har med elektronisk merking å gjere. Veldig mange ringjer oss, og det er vi glade for. Samstundes betyr det uvanleg stor pågang på telefon hos oss, slik at ventetida for å kome gjennom ofte blir lang. Særleg no i april er pågangen ekstra stor, i og med at mange av dei som ikkje har fått merka sine ringjer for å spørje, seier Ligård.– Dei aller fleste har fått det dei har bestilt. Det er nokre svært få som enno ventar. Dei vil få sine merke ganske snart, lovar ho. Produksjonen følgjer oppsett plan, og kapasiteten er utnytta fullt ut.Dominant leverandør Os Husdyrmerke er størst i Norge på merking av husdyr. Selskapet har avtale med både Nortura og Kjøttbransjens landsforbund, og sender dermed ut tilbod til omlag alle husdyrbønder i heile landet.

Powered by Labrador CMS