a-k ny side

A-K med nye nettsider

Med eit lite kvantesprang lanserer A-K maskiner sine nye nettsider, den siste dagen i april. Her skal du finne det meste av produktinfo, kontaktinformasjon og nyheiter.

Publisert

Bedre Gardsdrift har testa ein prøveversjon av den nye nettsida, før lansering. Overgangen frå den gamle sida er så stor at vi ikkje treng bruke mange ord på det.No har i alle fall også A-K fått ei moderne side, der du etter kvart som alt kjem på plass, finn informasjon om det aller meste kjeda har å tilby deg. Frå reservedelar og serviceavtaler til nye maskiner og fjøs.Referanseprosjekt i-mekA-K har valt ein litt annleis og interessant måte å presentere sine i-mektenester. Her kan du velje dyreslag, og få opp liste over det som vert kalla referanseprosjekt. Her ligg det litt fakta, og oftast nokre bilete, presentert i eit svært så moderne galleri.TraktorA-K presenterer sine to merke kvar for seg. Her kan du gå inn og velje mellom dei mest aktuelle modellane, og lese importørens presentasjon. Du kan også laste ned brosjyre og sjå bilete. Dei fleste er også presentert med pris. Noko komplett liste over tekniske data er her ikkje, men det finn du jo på traktoroversikten til Bedre Gardsdrift.Same presentasjonsmåte er brukt på treskarane.Også alle A-Ks brukte traktorar skal presenterast her.Kontakten på nettKundemagasinet Kontakten ligg ute i digital versjon, der du kan bla deg fram frå side til side, zoome på det du vil lese meir om, søke i, eller laste ned som pdf.Få kontaktA-K har lagt stor vekt på at du enkelt skal få kontakt med nokon som kan hjelpe deg i ditt område. Du kan klikke på kart, søke på postnummer eller velje forhandlar frå ei liste sortert etter fylke.For kvar forhandlar er det minimum opplista adresse og telefon, og ofte også vakt- og servicetelefonnummer. Selgarane er presentert med telefonnummer, og ofte bilete. Epost har vi ikkje fått opp på den versjonen av sida som vi har prøvd.Nokre av forhandlarane har også liggande ute ein omtale av seg sjølve.ProduktfokusertMens til dømes Eik har satsa på ei nettside med stadige oppdateringar på framsida, går A-K for ei meir statisk side med enkel tilgang til produktsidene. Det som kjem av nyheiter ligg meir i det skjulte, men samstundes stiller ei slik prioritering mykje mindre krav til hyppig oppdatering.Alle er nye på nettDen siste tida har Eik og Lantmännen presentert nye nettsider, mens Felleskjøpet har ei løysing som fungerer tilfredsstillande. Dermed har alle dei fire store traktorimportørane nettsider som kan duge. Det gjeld forresten også fleire av dei mindre aktørane i bransjen.I alle fall: Gratulerer til A-K med nyesida.

Powered by Labrador CMS