valtra t test b 07
valtra t test b 07

Valtra med eigen trinnlaus

Kanskje alt før du kjøper almanakken for 2008, kan du kjøpe ein Valtra med splitter ny trinnlaus transmisjon. Her er det ikkje plukka deler frå Fendt, og utviklinga er komen svært langt.

Publisert

Nokre av våre aller mest observante lesarar har merka seg notisar hos utanlandske tidsskrift om at noko er på gang. Det har også vi antyda i bladet vårt.

I Bedre Gardsdrift nr 8 2006, i ein artikkel som har vekt merksemd også utanfor landegrensene, fortel Agcos Europasjef Gary Collar at ein eigen trinnlaus transmisjon frå Valtra er under utvikling. " Det nye er at Collar og Martin Richenhagen, toppsjef i Agco, seier at lanseringa skjer om ikkje svært lang tid.– Vi har tre viktige traktormerke i Europa, som skal vere ulike. Det betyr ulike motorar, ulike transmisjonar, ulike hytter og så vidare. Særleg for Valtra er det naudsynt å utvikle ein eigen transmisjon når vi skal tilby eit trinnlaust alternativ, seier dei to sjefane.Vi kan love deg at du får vite meir om dette når tida er inne, her på gardsdrift.no og ikkje minst i bladutgåva av Bedre Gardsdrift.

Powered by Labrador CMS