nh ts135a 03 c
nh ts135a 03 c

New Holland har lansert T6000

Traktorlanseringane frå New Holland går aldeles over stokk og stein for tida, men no er altså T6000 ute. Den nye serien går frå 101 til 141 hk, etter kva vi veit no.

Publisert

Det var under den heller ukjente Lamma-utstillinga i England at avdukinga fann stad. I eit telt, i ly for januarregnet og kulda på utandørsarrangementet, viste det blå CNH-merket traktoren som overtar etter TSA-serien og også dei minste i TM-serien.Farmers Weekly var tilstades. Dermed er omverda informert om hendinga, for pressemeldingar er sjeldan vare frå ein av verdas største traktorprodusentar. Nok om det.Traktorane er fine, det er det ikkje tvil om. Også New Holland går vidare med ulike utstyrsnivå på traktorane sine. Dei fire minste modellane vert levert som Delta, noko som betyr mekanisk dieselpumpe og elles ganske enkelt utstyr. Desse fire går frå 101 til 126 hk.T6000 Plus omfattar fem modellar frå 101 til 141 hk. Også her er det tradisjonell innsprøyting, i følgje Farmers Weekly. Du har valet mellom den enkle 24 x 24-girkassen, og den meir moderne 16 x 16 med firetrinns hurtiggir. Dei to toppmodellane her kan i utlandet leverast med 50 km/h. Plus-utgåvene kan leverast med fjørande framaksling og hytte.Ein modell, T6040, har utstyrsnivået Elite. Her har motoren Common Rail og elektronisk styring, og dermed også ekstraeffekt i visse høve. Her er også ymse komfortutstyr standard, og køyrekomputer følgjer med.Det er alt vi veit nett no om arvtakaren til den populære TSA.

Powered by Labrador CMS