jd-vinn
jd-vinn

John Deere vinn igjen

For andre år på rad leverer John Deere over 1000 nye traktorar, etter eit knallgodt år med totalt over 4000 nyregistrerte traktorar. MF er nummer to, New Holland tre.

Publisert

Dermed har Massey Ferguson bytt plass med førre års nummer to, og levert 128 fleire traktorar enn i 2005.New Holland held stand i talet traktorar, men taper marknadsandelar fordi det i 2006 er registrert heile 345 fleire traktorar enn i 2005. Det er ein auke på 8,6 prosent, som må seiast å vere svært bra.Vinnaren John Deere endar opp med 1040 nyregistrerte. Nesten kvar fjerde nye traktor som er seld her i landet er altså grøn og gul. Dette er 20 traktorar betre enn året før, men halvanna prosentpoeng redusert marknadsandel.Valtra held fjerdeplassen, som dei gjorde i 2005. Talet traktorar er omlag likt.Case IH, i sitt første år hos A-K, har tapt sal. Likevel klarer merket å bli på femteplass og slå McCormick med 59 traktorar. McCormick har sitt beste år i nyare tid, men må nok kjempe i år for å halde plassen. Tre traktorar bak kjem nemleg nykomaren Claas, som først kom til landet for alvor utpå vårparten. Deretter følgjer Fendt, som også har gjort det temmeleg bra i tal registreringar.Ser vi på desember, er MF klart størst med 27,4 prosent. Det er typisk MF. For eit år sidan forklarte Eikmaskin at dette var vanleg for ein del av kundane deira. Også New Holland har ein fin julemånad, mens John Deere berre har 12 prosent marknadsandel i desember. Det kan nok skuldast at det er ei slags adventstid for nye 6030.Du finn mykje meir om siste års traktorstatistikk i førstkomande Bedre Gardsdrift, som er ute i slutten av januar 2007.

Powered by Labrador CMS