reg-stat-ill

Greit nok

Traktorstatistikken for oktober byr ikkje på dei store overraskingane. Zetor er no like stor som CaseIH, mens månaden totalt er litt svakare enn oktober i fjor.

Publisert

I år har traktomarknaden vore temmeleg våryr, for deretter å bli slapp om hausten. Vi kan ikkje rekne med at 2007 blir eit rekordår, slik 2006 vart. Til det var 2006 for sterk i november og desember. Så heilt ille blir det likevel ikkje, og enno ligg 2007 framom skjema. Rett nok berre med 21 traktorar.JD snart over 1000På toppen finn vi som vanleg John Deere. I marknadsandel nøyaktig like sterk som på same tid i fjor. Hjorten er forunderleg stabil. Om FK står på litt, passerer John Deere 1000 traktorar i slutten av neste månad.Pallplassane avgjortMF er også dønn likt med i fjor. Pluss fire traktorar, og minus 0,2 prosentpoeng i marknadsandel betyr at posisjonen er uendra.New Holland er så vidt svakare enn fjoråret. Her er statusen minus 18 traktorar, som gir drygt eit halvt prosentpoeng tapt marknadsandel.Valtra er fram like mange prosentpoeng som MF er tilbake, og her er talet traktorar opp med åtte. Med andre ord svært små endringar.Det skal mykje til før forholdet mellom desse fire merka endrar seg. Til det er den inbyrdes avstanden for stor, og vi har att for lite av året.Vekst og fallClaas held fram å styrke grepet om den norske marknaden. Oktober er nok ein sterk månad, og det kan godt hende at merket kjem opp i seks prosent marknadsandel før året er omme.Fendt held også fram sin framgang, om enn ikkje like kraftig som nykomaren. 200 traktorar kan vere mogeleg før året er omme, og i så fall vil 2007 bli eit minneverdig år for Fendt i Noreg.Deretter kjem vi til sjuandeplassen, og den er delt mellom to raude. Zetor har no henta inn CaseIH. Mens Zetor har hatt ein jamn vekst utover hausten, har CaseIH slite med tung pust og eit støtteapparat som tydeleg ikkje heilt har funne fram til rette energidrikken.Heller ikkje McCormick er i nærleiken av nivået frå fjoråret. Det kan vere at dei siste månadane blir betre, etter kvart som fabrikken i Italia kjem i siget etter flytteprosessen.

Dei aller minsteI nokre av dei siste månadane har det vore eit lite avvik mellom våre tal, og tal som elles er publiserte. Det er fordi Bedre Gardsdrift ikkje kjenner noko traktormerke som heiter "Andre". Enten omtaler vi traktorar vi kjenner til, eller så held vi dei heilt utanom. No har vi funne ut kva som ligg i kategorien "Andre", og desse traktorane er no akseptert i vår statistikk.Avviket gjeld to traktorar av merket Tym, eit asiatisk traktormerke importert av Eik & Hausken, og ein Valpadana.Dermed har vi no 26 ulike traktormerke i Bedre Gardsdrifts registreringsstatistikk. Det er ein auke på seks frå i fjor.

Powered by Labrador CMS