Foss-Eik 1

Foss-Eik kjøper Sele Sveis

I dag har tilhengarprodusenten Foss-Eik kjøpt kollegaen Sele Sveis, begge med tilhald på Jæren. Dermed er ringen slutta, etter at Sele Sveis vart starta av ein tidlegare tilsett på Foss-Eik.

Publisert

Det er to harde konkurrentar på dumperhengarmarknaden som no blir til ein. Særleg lokalt har dei to vore tøffe rivalar, men ikkje verre enn at dei tydeleg har snakka saman.Alt blir Foss-EikNamnet Sele Sveis blir borte. Bestilte Sele-hengarar blir produserte og leverte. Etter kvart vil Foss-Eik gå gjennom produktspekteret frå begge selskapa, og ta med seg det beste frå begge partane for å lage noko enda betre.Handelen omfattar bygningar, produksjon, produkt og varelager. Overtakinga skjer gradvis, så det er ikkje sett faste datoar for når endringane framover skal skje.Betre plassEinar Bilstad, som kjøpte Foss-Eik i vår, fortel at selskapet lenge har hatt behov for større lokale, med høve til meir rasjonell produksjon. Det vil ordne seg no. Produksjonen av Foss-Eik blir nemleg flytta til Sele Sveis sine lokale, som er vesentleg større og meir rasjonelle. " – Dagens lokale gjer at vi får for lange leveringstider og for lite effektiv produksjon. Heretter håpar eg at leveringstidene våre skal gå merkbart ned, seier Bilstad.SpesialproduksjonBegge produsentane er kjent for skikkelege produkt, og er godt anerkjente i marknaden. Foss-Eik har særleg spesialisert seg på å byggje tilhengarar etter kundens spesifikasjonar og ønske, nærast utan grenser, så sant det blir lovleg og lar seg sveise.Tilbake til startDå Rasmus Sele starta Sele Sveis for 11 år sidan, hadde han tidlegare arbeidd hos Foss-Eik. Slik sett kan vi no seie at ringen er slutta.– Måten firmaet starta på, var at eg og ein kjenning laga ein hengar til oss sjølve, som vi tenkte å drive litt utleige på i tillegg. Vi tok til å få telefonar frå folk som hadde sett hengaren, som lurte på kva vi skulle ha for å lage ein slik. Dermed var vi i gang, utan at det eigentleg var planen, fortel Sele.Blir bondeGrunnen til at Rasmus Sele sel firmaet, er at han vil konsentrere seg om drifta av heimgarden. Ein periode har han både drive den og firmaet, men det er inga ynskjeleg løysing. Difor har han i eit års tid vore i samtalar med Einar Bilstad, som eig Foss-Eik, om ulike løysingar.– Eg er trygg på at eg har gjort det rette. Foss-Eik er rette firmaet til å vidareføre det eg har bygd opp. Dette er til beste både for kundane og Foss-Eik, som no blir meir konkurransekraftige, fastslår Rasmus Sele.I gardsdrifta har han kombinert griseproduksjon oppunder konsesjonsgrensa, og det er lite eigna i kombinasjon med eit firma der han har arbeidd 16-timarsdagar sju dagar i veka.Auka omsetnadFoss-Eik mekaniske verksted vart etablert i 1948 av Sven Stokkeland. Dei seinare åra er det sonen Gustav Stokkeland som har drive bedrifta, og han er framleis med i leiinga. I dag har verksemda 12 tilsette og ein omsetnad på 18 millionar kroner.Sele Sveis har på si side åtte tilsette i dag, og omsetnad kring 13 millionar.Arbeidsplassane I og med at handelen berre omfattar slikt som bygningar og produkt, er det ingen automatikk i at dei tilsette blir med over til Foss-Eik. Rasmus Sele, kona og ein til går over til å drive gard, mens Foss-Eik arbeider med å finne ordningar for dei fem andre.

Powered by Labrador CMS