reg-stat-ill

Glipp på oppløpssida?

Ikkje sidan januar har det totale talet nytraktorar ligge bak fjoråret. November 2007 vil nok gå inn i historiebøkene som den månaden då rekorden for nyare tid glapp.

Publisert

2006 var eit knallbra traktorår. Ikkje sidan dei ville 80-åra er det blitt registrert fleire traktorar her i landet. Lenge såg det ut til at 2007 skulle bli enda litt betre. Så kom den grå hausten, og det skya over også i traktormarknaden. Dei siste månadane har vore jamt over svake. I november tippa altså dei totale traktorregistreringane under fjorårsnivået. Men det er ingen grunn til å deppe. Avstanden blir ikkje stor, og det er lov å smile og vere nøgd med å nesten vere på tidenes beste registreringstal etter utløpet av jappetida.For ingen kan vente at vi klarer å toppe fjorårets desidert beste månad med 45 ekstra traktorar. Desember -06 enda trass alt på 576 traktorar. Skal vi slå fjorårsrekorden, må det altså registrerast nesten dobbelt så mange traktorar i desember -07 som i ein gjennomsnittsmånad.John Deere har svak medvind John Deere klarte ikkje 1000-grensa i november, som vi skreiv at dei kunne klare i førre månad. Til det mangla det sju traktorar. Dermed er nok ikkje det magiske talet passert før omlag no. " John Deere og Felleskjøpet kan også notere seg nesten ein prosent høgare marknadsandel til no i år, enn kva dei hadde til same tid i fjor. Då skal vi hugse på at kundane på slutten av fjoråret venta på 6030 Premium og 7030 Premium, som har kome for fullt i år. Slik sett skulle det berre mangle om ikkje John Deere skulle klare å klatre. Stabil MF og ValtraDei to halvsøskena ligg i marknadsandel heilt likt med kva dei gjorde i fjor. Massey Ferguson held på andreplassen, utan å gjere noko sprell der oppe. Valtra ligg to plassar bak, utanom pallen.CNH sviktarA-K har den seinare tida jobba intenst med å legge til rette for eit betre år i 2008. Det kan trengast, for 2007 er ikkje mykje å skryte av. Marknadsandelen New Holland og CaseIH har til saman til no i år, er på nivå med kva New Holland hadde åleine i 2005. Begge har tapt i høve til 2006. New Holland med eitt prosentpoeng marknadsandel, CaseIH med nesten to.Framhaldet på denne soga kan bli interessant.Claas på sjette, så Fendt og ZetorDet ser ikkje ut som om noko kan endre plasseringa for Claas på sjette. Om noko skal skje i dette området, må det vere at Zetor byter plass med Fendt, eller at CaseIH gjer eit hopp.Zetor er i skikkeleg framgang for tida, og ligg no åtte traktorar bak Fendt. Det er mykje til å vere her i området, men ikkje meir enn at det går om desember blir like bra som oktober og november for Zetoren. Fendt har derimot to heller svake månader bak seg.CaseIH var likt med Zetor då oktober var omme, men er no forbigått med ni traktorar.ImportørkampenI november er som vanleg Felleskjøpet størst, med 90 traktorar. Størst av dei tre andre er Lantmännen, før Eik og A-K. Mellom desse tre skil det fem traktorar.For året under eitt har Eik og Lantmännen motsett plass. Dei innbyrdes avstandane er såpass store at vi ikkje ventar noko endring på rekkefølgja. Det einaste måtte vere om A-K og Lantmännen skulle kome til å gjere det høvesvis veldig bra og veldig dårleg i desember, og dermed byte plass.

Powered by Labrador CMS