Behovserklæring klasse CE
Dersom du skal avtene verneplikt, bør du ved første høve prøve å kome i posisjon til å ta førarkort klasse C gjennom Forsvarets kjøreskole. Her finn du døme på ei slik erklæring.
For å køyre traktor som har toppfart over 40 km/h, må alle som har tatt førarkort etter 1. januar 2005 i praksis ha klasse CE, altså vogntog.
Tar du klasse C gjennom Forsvarets kjøreskole, har du høve til å bygge på til CE, noko vi på det sterkaste tilrår. Alltid nyttig å ha, uansett framtidige reglar. Dessutan har du her høve til å få C/CE til redusert pris, og du kan ta det utan at tidsbruken går alt for mykje ut over ting du elles vil gjere.
For å få ta førarkort i Forsvaret, må du som regel legge fram ei behovserklæring. Du kan laste ned døme på ei slik erklæring her.
Første side i dokumentet er ei rettleiing til korleis du gjer det. Vi har sett opp to eksempel. Begge er på bokmål, men sei ifrå om du vil ha det på nynorsk. Gi også tilbakemelding om du har andre innspel eller ytringar i denne saka - klikk på namnet øvst i artikkelen, så får du opp epostadressa mi.
Lukke til, og køyr pent!




Tips en venn