Kataloghai glefsar etter pengar
Nokon som kallar seg Expo-guide prøve å lure pengar av norske firma i desse dagar. Særleg maskinbransjen bør vere merksame, for brevet går ut med referanse til Agroteknikk-utstillinga.
Nederst på arket står der nokre små bokstavar som betyr at du, ved å sende svar på brevet, bind deg til å betale nær 1200 Euro pr. år i tre år framover.
Elles ser brevet ganske uskuldig ut, og du blir einast beden om å oppdatere dine data i "Exhibitors Directory in the Expo-Guide”.
Truls Aasterud, sekretær for siste Agroteknikkutstilling, oppmodar alle om å hive brevet i søppelkassen umiddelbart. Sjølv om brevet refererer til landbruksutstillinga på Lillestrøm, er dette eit tiltak som verken før, no eller i framtida vil ha noko som helst med utstillinga å gjere.
Norges Varemesse ber også folk og firma om å passe seg for kataloghaiar, og nemner opp desse døma på firma du har god grunn til å styre langt unna.
- TNI Technology News International
- Euro Business Guide
- EU Business Services Ltd.
- European City Guide i Valencia
- Norsk Internett Register for forretningsdeltakere i Hamburg
- Global internet Register
- Commercial Online Manuals
- Expo Guide
- Nordisk Expo
- Fair Guide/construct Data Verlag
- TW Verlag CmbH
- Nova Channel AB
Gjer du den tabben at du registrerer deg hos noko av desse, risikerer du å måtte punge ut med summar kring kr 25 000, og om du ikkje betaler får du flust med trøbbel.



Tips en venn