Ny traktor til våronna?
Ikkje kjøp denne, i alle fall! Derimot kan du gjerne prøve å finne ut kva den er bygd opp av. Klarer du det, vinn du både heider og ære, og meir til!
Det kunne vore verre.Dagens bastard vart montert i 2005. Eit par av traktorane vi har plukka deler frå, var i sal som nye på den tida. Dei to andre fann vi på bruktmarknaden.
I og med at det var vanskeleg førre gongen, skal vi prøve oss på nokre hint. To av traktorane er mest truleg bygde på ei øy, som dessutan ligg i ei tidssone ulik vår. Nummer tre er bygd i eit land i retning søraust, men i same tidssone som Noreg. Den fjerde er ei eiga tidssone i motsett avstand av den første. Alt etter kor du er her i landet, er dette landet i aust eller i sør for oss.
Dermed skulle det meste vere oppklart, skulle vi tru. Klikk deg inn her for å krysse av for dei fire rette svara. Lukke til!
Premien er ein aldeles nydeleg samleperm frå Bedre Gardsdrift.
Vinnaren av førre konkurranse, dei mange gode kommentarane vi fekk inn, og sjølvsagt også det rette svaret, finn du her inne.
Les også
Seig nøtt knekt på Jæren
Nøkkelord:
Konkurranser




Tips en venn