Ugrei
Huff, for ei oppgåve. Her var det mange som sleit. Premien går i alle tilfelle til Pål Klomstad på Kvam i Gudbrandsdalen.
Konkurransen for september-oktober 2009.At det er ein Ford inni her, har nesten alle fått med seg. Nokre få har svart New Holland, men i og med at Ford-kroppen her er ein 30-serie, må vi beklage at New Holland ikkje kan bli godkjent. 30-serien vart aldri levert som New Holland, etter kva vårt veike minne veit. I samband med namneskiftet vart den nemleg bytt ut med den felles L/35-serien, og New Holland har aldri hatt panser, luftinntak og eksos utført som på den blå vi har her.
Det flest har bomma på, ser ut til å vere hytta. Den er frå ein Massey Ferguson 265. Detaljane ser du nedanfor.
Nøkkelord:
Konkurranser




Tips en venn