Søk
RSS Nyheter
Nyhetsbrev
Abonnere
Redaktøransvar
Redaktøransvar

Mann (81) funnen død under traktorvinsj

Ein eldre mann på Hitra vart funnen omkomen under traktorvinsjen i garasjen sin tysdag kveld. Han heldt på med noko tømmerarbeid.

Mannen skal til obduksjon, men alt tyder på at han døydde av klemskadene, og at ulukka må ha skjedd omlag eit døgn før han vart funnen. Den gamle mannen budde åleine, og politiet vart varsla då kona hans på aldersheimen ikkje fekk svar på telefon hos han, melder Hitra-Frøya.

Dette er den tredje dødsulukka med traktor involvert så langt i år. Ingen av ulukkene er rekna som arbeidsulukker knytt til ordinær landbruksdrift.

 

Kjelde: BG/lokale media.

Nøkkelord:

Traktor
Del på:

Tips en venn

Kommentarer til artikkelen

Legg til ny kommentar:
  • Vis respekt for andre lesere og omtalte personer. Kommentaren kan være inntil 1000 tegn.

Traktoroversikten
 
Finn feilen, vinn Flaxlodd!