Søk
RSS Nyheter
Nyhetsbrev
Abonnere
Redaktøransvar
Redaktøransvar

Tvillinghjul er lov...

...også med breidder over 2,55 meter, om du har brei reiskap kopla på traktoren. Samferdsledepartementet forventar ei fleksibel og fornuftig praktisering av regelverket fram til nye reglar er på plass.

Dette seier statssekretær Geir Pollestad til Bedre Gardsdrift.

Med andre ord kan du trygt køyre med tvillinghjul på traktoren, med totalbreidde over 2,55 meter, så sant køyringa er knytt til bruk av brei reiskap i samband med gardsdrift. Kort sagt kan du vel eigentleg køyre som du har gjort før. Kravet er sjølvsagt at du køyrer med vett og tenkjer gjennom kva du gjer før du svingar ut på vegen.

Også greitt der det er bratt
- Kva med bruk av tvillinghjul med totalbreidde over 2,55 meter der dette er naudsynt av omsyn til tryggleiken der det er bratt?

- Eg kan ikkje seie anna enn at vi forventar at regelverket blir praktisert på ein fornuftig og fleksibel måte fram til nye reglar er på plass, svarer Pollestad.

Uklart regelverk
Pollestad seier at departementet ser at problemet knytt til bruk av tvillinghjul dukka opp som eit nytt problem i kjølvatnet av presiseringa av kor langt du kan køyre med breitt landbruksutstyr.
- Dette viser at regelverket er for uklart, og at det er behov for å rydde. Den ryddejobben er vi i gang med. Inntil vidare må reglane handhevast fleksibelt og fornuftig, seier Pollestad.

Breidekk

Denne pressiseringa frå departementet betyr at også traktorar med breidekk som gjer traktoren breiare enn 2,55 meter er godtatt, om køyringa er knytt til bruk av breitt landbruksutstyr.

 




Les også
Bakgrunn: Tvillinghjulsaka
Er tvillinghjul lov?
Breidde-gruppa tar form

Nøkkelord:

Lover og regler, Traktor
Del på:

Tips en venn

Kommentarer til artikkelen

Legg til ny kommentar:
  • Vis respekt for andre lesere og omtalte personer. Kommentaren kan være inntil 1000 tegn.

Traktoroversikten
 
Finn feilen, vinn Flaxlodd!